KYRKJA INFORMERER

Øygarden prestegjeld

Oppdatert 20.september 2012

 

 

Bilete: Ikon av Jesus som ”Eg ER Den Gode Hyrdingen”,

2.Mos.3/Joh.10.

 

Men vår Gud og frelsar lét sin godleik og kjærleik til alle menneske verta openberra.  Og han frelste[1] oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved det badet som atterføder og fornyar ved Den Heilage Ande,  som han i rikt mål har rent ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar. Så skulle vi ved hans nåde stå rettferdige for Gud og verta arvingar til det evige livet, som er vår von. Dette er eit truverdig ord…(Apostelen Paulus brev til Titus, 3,4-8a)

 

NÅR BARNET DYKKAR SKAL DØYPAST

 

Kjære foreldre!

 

Guds signing over det nyfødde barnet og heimen!

 

Vi sender varme gratulasjonar på vegner av Øygardskyrkjelydane.

 

Ein smertefull augneblink er over. Men de kjenner nok óg på glede og ansvar. Og snart melder gjerne tanken om dåp[2] seg.

 

Når du ber barnet til de kristne dåpen, vert det Guds barn. Det får eit nytt liv óg vert kristna. I dåpen handlar Gud, og gjev oss ein ny fødsel. Barnet sjølv skjønar ikkje mykje av det. Men det skjøna heller ikkje mykje av kva som hende då det vart født som menneske. Men fødselen var like verkeleg for det. Likeeins er dåpens sakrament eit under vi ikkje kan skjøna. Men Gud gjev oss her det nye livet! (Joh.3,5)

 

Føresetnaden for dåp er at foreldra er samde i at barnet skal døypast med den kristne dåpen og vil ta på seg ansvaret med å gje barnet ei kristen oppseding óg opplæring saman med gode fadrar.

 

Som ei lita praktisk hjelp vil vi difor i det følgjande gje ein del informasjon i samband med dåp i Øygarden Prestegjeld.

 

Jesus Kristus vil at alle menneske skal verta hans læresveinar. I misjonspåbodet (Matteus ev. 28,18-20) høyrer vi at dette skjer ved dåpen i namnet åt Faderen, Sonen óg Heilaganden, og ved kristen opplæring. Slik kan den som er døypt, verta verande hjå Kristus.

 

Kyrkjelydane i Øygarden vil gjerne vera med på å oppfylle Jesu ordre. Vi ønskjer dykk velkomne med på laget!

 

Med venleg helsing

Svenn Martinsen

sokneprest

 

 

KVA VIL DET SEIA Å SVARA JA VED DØYPEFONTEN?

 

For at dåpen skal skje mest mogleg i samsvar med Guds Ord, har vi difor laga ei side kor vi ber dykk ta til førebuinga til dåp:

 

http://www.stellamaris.no/kvds.htm

 

Dette dokumentet kan óg lastast ned:

 

http://www.stellamaris.no/kvds.doc

 

DÅP OG Opplæring I KRISTEN TRU I KYRKJELYDANE I ØYGARDEN

 

Dåpen høyrer saman med:

 

 

 

 

 

Kjære foreldre!

 

Foreldre vel for barnet sitt, og kan ikkje la vera å gjere det. Difor er det viktig å vite kva ein vel, og bli klar over kvifor ein gjer det. Å få ansvar for born utfordrar óg til å oppdage og tenkje gjennom eiga tru og tvil, livssyn og livsførsel. Så er barnedåp eit godt høve til å tenkje igjennom kva det vil seie at eg sjølv er døypt. Lat ikkje den sjansen gå forbi!

 

Vi vonar de er viljuge til å leggje tilhøva til rette slik at barnet kan veksa opp óg modnast i den kristne tru. Det gjeld då ikkje berre å bera barnet til dåpen, men óg seinare å la Gud få stelle med det kvar dag.

 

Heime må barnet få høyre Evangeliet om Jesus Kristus i form av enkle kristne barnebøker, salmar og songar og få lære bordbøn og aftanbøn.

 

I kyrkjelyden må barnet få ta del i dåps-og konfirmasjonsopplæringa, høyre om Jesus på søndagsskule, kristent barne-og ungdomsarbeid og gudstenester.

 

Viktig er óg at de ber for barnet, og kan hjelpa det til å finna plassen sin ved nattverdbordet.

 

Prestegjeldet sin vedtekne dåpsopplæringsplan i sin heilskap finn de her .

 

Prestegjeldet sitt dåpsopplæringsprogram i kortform finn de her .

 

Sjå her om dåpsklubben Tripp-Trapp og anna dåpsmateriell.

 

Innmelding til dåp

 

Ta kontakt

 

Ønskjer du/de dåp i ei av kyrkjelydane i Øygarden, er de velkomne til å ta kontakt med Soknepresten i Øygarden som har kontor i 2.etasje i Rong Senter på Rong vis á vis Eurospar.

 

Telefon 56 38 22 40

Faks 56 38 22 41

Epost kontor@kyrkja.net

 

Ønskje om dåp vert meldt helst 4 veker før dåp. 

 

Opplysningar

 

Ved innmeldinga ber vi om at de gjev melding om:

 

 

De kan og fylle ut det førebels dåpsinnmeldingskjemaet som de kan få på kontoret, eller lasta ned her .

 

Dersom de ikkje budde i Øygarden då barnet vart fødd, ber vi dykk skaffa fødselsattest for barnet. Dersom de ønskjer at barnet skal døypast utanfor Øygarden, ber vi dykk likevel ta kontakt for dåpssamtale.

 

Vi bur ikkje i Øygarden?

 

De som ikke bur i Øygarden, men likevel ønskjer å døypa barnet i ei av kyrkjene i vårt prestegjeld, bør gje melding av dåp til presten der de bur. Prestekontoret der vil etter innmeldinga sørgje for å senda naudsynlege papir til oss. Dette bør gjerast minst 4 veker før dåpen. Sjå

 

http://www.kyrkja.no

 

for å finna adresse óg telefonnummer til kyrkjelydar og prestegjeld i Den norske kyrkja.

 

 

OVERSYN OVER DÅPSDAGAR

 

Øygardskyrkjene har i hovudsak gudstenester 2 gonger kvar i månaden. Til vanleg gjev vi tilbod om dåp på dei av desse gudstenestene som er Familiegudstenester/Familiemesser, i høgtidene helst på 2.dagane.

 

BLOMVÅG KYRKJE

 

---

 

HJELME KYRKJE

 

---

 

DÅPSSAMTALE MED PRESTEN

 

Presten vil gjerne ha dåpssamtale med begge foreldra(når begge har foreldreansvaret) på førehand. Dette kan skje i heimen eller på prestekontoret på Rong, helst i tida 1200-1500. Mange arbeidsgjevarar ser positivt på å gje fri frå arbeidet i dei 60-90 minutt de er i samtale med presten. Avtale om dåpssamtale og dåpsdag vert gjort med kyrkjekontoret samstundes som de melder dykk til dåp:

 

kontor@kyrkja.net

 

Det er fint om de kan få nokon til å sjå til barnet medan de er i samtale med presten, slik at de kan få ro under samtalen.

 

Dåpssamtalen ser vi på som særs viktig. Det er fint å møtast for å verta betre kjende, men først og framst samtalar vi om dåpen sitt innhald og oppfølgjing. Denne oppfølgjinga forutset samarbeid mellom heim og kyrkjelyd.

 

Nokre tema vi tek opp i dåpssamtalen[3]:

 

 

 

 

Innskriving av data óg fadrar skjer etter samtalen. Fadrane er velkomne til å vera med på ein del av dåpssamtalen.

 

Dåpspraksis

 

Det må ikkje råde tvil om at Guds gode vilje er at samlivet mellom mann og kvinne bare har sin plass innanfor ekteskapet si forpliktande ramme.

 

Når foreldra ikkje er gifte vil presten i dåpssamtalen gjerne danne seg eit inntrykk av korleis dei to ser på framtida, for å kunne gje dei eit best mogleg råd for vegen vidare.

 

Ikkje alle bør gifta seg, men om dei to det gjeld er glade i, og trygge på kvarandre, kan det vera godt å få tatt ei avgjersle.

 

Sjølvsagt kan dei kjenna på at å arrangera bryllup er ei stor økonomisk utteljing. Det finst likevel kreative løysingar som kan få den store dagen mykje nærare. Her kan vi gje råd om de ønskjer.

 

Vi ønskjer ei ordning ved døypefonten som kan hindra misforståingar om kyrkja sitt klassiske syn på ekteskap og samliv. Dersom det er ønskje om at ein av foreldra skal bera det fram til dåpen og svara på dåpsspørsmålet, må det vere gjort avtale om foreldreansvar med det offentlege.

 

Ta kontakt med oss dersom de har noko å spørja om!

 

KVEN KAN VERA FADRAR?

 

Ved dåpen skal det vera minst 2 fadrar til stades som vitne utanom foreldra[4], ikke meir enn 5 for kvart barn. Fadrane(”gudforeldre”, ”gudmor”, ”gudfar”) får oppdraget sitt av kyrkja, og må veljast med omtanke. Presten avgjer kven som kan godkjennast som fadder, og må sjå til at fadrane er døypte med kristen dåp, er kyrkjeleg konfirmerte, minst 15 år, og ta fadderoppdraget alvorleg:

 

Dåpsliturgien seier at

 

Fadrane skal

 

vera vitne om at barnet er døypt med den kristne dåpen,

be for barnet,

lære det å be sjølv, óg

hjelpa det til å bruka Guds Ord óg nattverden, slik at

det kan bli hos Kristus når det veks opp.

 

Fadrane bør vere medlem av Den norske kyrkja, eller andre kyrkjer vi har økumeniske avtalar med, og/eller som har tilsvarande barnedåpspraksis.

 

Dette forutset fadrar som i liv og lære ønskjer å vere lojale mot den kristne tru og moral. Som menneske kan me alle koma til å gjera feile val. Her tenkjer me ikkje på skilnader i politiske standpunkt eller spørsmål Guds Ord seier det kan vere fleire syn på.

 

Men vi treng alle stundom å korrigera kursen vår i tilhøve til den gode autoriteten me finn i Guds Ord. Dette kan sjøvsagt óg koma til å gjelda presten og dei andre som arbeider i kyrkja. Då er det godt for oss alle å tenkjekorleis Jesus Kristus møtte menneske, t.d. tollaren Sakkeus,(Luk.19,1-10) sjå óg Luk.15,1-7; 11-32, og Joh.8,2-11 .

 

Vi ventar likevel at dei som de ønskjer skal vera fadrar ikkje vitnar mot den kristne trua ved at dei medvite og aktivt lærer og lever i strid med Guds Ord og Kyrkja si vedkjenning. I gamal kyrkjelov sto det at fadrane skulle vere ”ærlige og uberyktede folk.”(NL 2-5-5) Aktuelle felt i dag som gjer at nokon ikkje bør veljast til fadder kan t.d. vera menneskesynet i det heile, når livet byrjar og når det endar, kva ekteskapet er, økonomisk urett, overgrep og valdsbruk, og utagerande rusbruk.

 

På det førebels dåpsinnmeldingskjemaet

 

ber vi óg om at de skriv det fulle namnet óg adressa til fadrane, og tek dette med til samtalen.

 

Sjå meir om kyrkja si klassiske fadderordning(Fadderen som dåps-sponsor) her:

 

http://www.stellamaris.no/spons.jpg

 

 

Dåpsbasseng og døypefont i den Romersk-Katolske Guardian Angel Cathedral,

Las Vegas, Nevada, USA. Bak ser me óg prosesjonskrusifiks og dei tre heilage oljer til bruk ved dåp, konfirmasjon, ordinasjon og sjukesalving[5].

Bilete: Svenn Martinsen, april 2004.

 

dåpsliturgien

 

Slik går dåpshandlinga føre seg

 

Inngang med prosesjons/dåpssalme ved starten av messa/gudstenesta.

 

Dåpsbarnet/borna, foreldra og fadrar kjem inn. Kyrkjelyden reiser seg, og dåpsfølgjet/a set seg på dei tilviste plassane.

 

Inngangsord.

 

Dåpen kjem rett etter Gloria(Lovsongen). Det vert vist til den Vesle Bibelen, Joh.3,16.

 

Dåpen sitt innsetjingsord. Skriftlesing. Dåpstale.

 

To bibeltekster vert lesne, frå EVANGELIET  ETTER MATTEUS KAPITTEL 28 VERSA 18-20: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda ...”  og frå EVANGELIET ETTER MARKUS KAPITTEL 10 VERSA 13-16: Forteljinga om Jesus og barna. Det vert vist til Tit.3,4-7. Presten held ei kort preike om dåpen si gåve og forplikting.

 

Kva dåpen forpliktar til.

 

Presten ber foreldre og fadrar om å reise seg. Medan dei står, minner presten dei om det ansvaret dei tek på seg for barnet saman med kyrkjelyden: “De som i dag ber dette barnet til Kristus, skal vere vitne om at det er døypt til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Saman med denne kyrkjelyden og heile vår kyrkje får de del i eit heilagt ansvar: å be for barnet, lære det sjølv å be, og hjelpe det til å bruke Guds ord og Herrens nattverd, for at det kan verte verande hjå Kristus når det veks opp, likesom det ved dåpen vert sameint med han.”

 

Forsakinga og trua.

 

Alle i kyrkja reiser seg og seier fram forsakinga og trua. Forsakinga er vårt nei til djevelen og all ondskap. Truvedkjenninga er vårt ja til Den Tre-Eine Gud, Faderen, Sonen og Heilaganden, og alt han har gjort for oss. Alle set seg.

 

Bøn ved døypefonten.

 

Vatnet vert aust opp i døypefonten. Presten ber ei bøn for den heilage handlinga som no skal finne stad.

 

Dåpssalme.

 

Det hender at vi kan syngja dåpssalmarfleire stader i gudstenesta, men vi vil gjerne óg ha ein eigen dåpssalme i sjølve dåpsliturgien. Salmen vi nyttar kan variere frå gudsteneste til gudsteneste. Her kan du sjå eit oversyn over dei salmane som er mest nytta: 

 

                       Norsk salmebok

                       355 Milde Jesus

                       488 Ingen er så trygg på ferda

                       612 Kristus kom med vann og blod

                       614 Å lat din Ande

                       616 Anden over vatnet sveiv

                       617 Her kjem me, Jesus, på ditt ord

                       620 Vi samles til dåp

                       661 Jeg er frelst og dyrekjøpt

                       Salmer 1997

                       22 Farao nådde oss like ved stranden

                       93 Det skjer et under

                       Sangboka/Barnesangboka

                       Jesus er kongen min

 

Dåpshandlinga.

 

Dåpsfølgjet/a kjem fram til døypefonten(i alfabetisk rekkefølgje).

1 Namnet på barnet. Presten spør den som ber barnet etter førenamnet til barnet, og markerer at barnet er ein sjølvstendig person og eineståande for Gud. Her er alle barn like verdifulle. Barn med funksjonshemmingar og andre som treng særkilt omsut har ein sjølvsagt plass i kyrkjelyden.

2 Dåpsspørsmålet. Følgjande spørsmål vert stilt til foreldre og fadrar: “ Vil de at ... skal døypast til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og oppsedast i den kristne forsaking og tru?” Den som ber/følgjer barnet, svarer ja på vegner av foreldra og fadrane.

Dette er eit innhaldsfylt JA! som kan samanfattast slik:

-JA TIL Å OVERGJE DÅPSBARNET TIL JESU NÅDIGE OMSUT OG VERN

-JA TIL AT DÅPSBARNET SKAL BLI JESU LÆRESVEIN HEILE LIVET

-JA TIL Å HJELPE DÅPSBARNET TIL Å LEVA MED I KYRKJELYDEN VÅR OG JESU KYRKJE PÅ JORDA
-JA TIL OPPGÅVA Å BE FOR BARNET OG TIL Å GJE HJELP TIL Å HØYRA OG LÆRA OG TA IMOT GUDS ORD

3 Krossmerket. Barnet vert signa med krossmerket(+) frå panna til bringa, og så frå side til side. Dei tre fingrane presten nyttar tyder Faderen, Sonen og Heilaganden.

4 Dåpshandlinga. Barnet vert døypt til den Tre-Eine Gud: I Namnet åt Faderen, Sonen og Heilaganden. Overøysing er den vanlegaste forma, men det ser ut til å vere aukande interesse for neddykkingsform. Det innvigde vatnet ”druknar” det gamle, reinsar og gjev nytt liv. Rom.6, 1.Kor.6, og Tit.3.

 

 

 

”Dei 4 Evangelistar”.

Markus sitt løvesymbol.

Elles finn me felt for

Blomvåg Kyrkje 1931

Engelen som symboliserer Matteus

Oksen som symboliserer Lukas

Ørnen som symboliserer Johannes, og

Guds Lam, med krossglorie og kross.

Døypefont[6] Blomvåg Kyrkje, 1931.

Bilete: Odd Normann Thormodsæther, 2004.

 

 

5 Bøn og handspåleggjing. Presten ber for barnet mens han legg handa på hovudet til den vesle og seier kva for ei gåve dåpen er.

                      

6 Dåpsljos. Dåpshandlinga sluttar med at foreldra får overrekt eit dåpsljos. Tanken er at dåpsljoset skal minne om at det døypte barnet tilhøyrer Kristus, ljoset for verda. Dåpsljoset kan t.d. nyttastseinare dåpsdagar, fram til konfirmasjonen.

 

7 Dåpsproklamasjonen. Den som ber barnet kan no løfta det opp. Dåpsfølgjet går tilbake til plassane sine, etter ønskje om Guds Fred og dåpsdokumentet er overlevert.

 

Lovprising og bøn.

 

Presten les 1.Pet. 1,3 og ber kollektbøna, før gudstenesta held fram med 2.del(Guds Ord) og den 1.lesinga.

 

SPØRSMÅL DE LURER PÅ

 

Kor skal vi møta

 

Dåpsbarnet, den som skal bera, og mor til barnet møter i dåpsssakristiet oftast ca. 15 min. før gudstenesta tek til. Dei andre i dåpsfølgjet kjem óg til kyrkja før gudstenesta tek til, og set seg på dei benkane lengst framme som er reserverte til dåpsfølgjet/a.

 

Kor skal vi sitja

 

Benkane lengst framme er reservert til dåpsfølgjet/a.

 

Kan vi ta bilete eller lage film?

 

Slektsrøter er viktige for oss alle, og det er kjekt å ta vare på minner frå dåpsdagen. Opptak av bilete, film eller lyd skal godkjennast av presten. Generelt gjeld at filming kan skje frå fast, tilvist plass når det ikkje er til sjenanse. Fotografering er tillate under inngangsprosesjonen, og særs godt høve til når gudstenesta er slutt.

 

Treng vi nytta dåpskjole?

 

Om de ikkje har ein dåpskjole i ein av familiane, kan de spørje oss om råd. Dåpskjolen er til vanleg kvit-fargen for fest i kyrkja, og den reinleiken Kristus gjev oss. Den kan og somme tider ha ei stola, eit band, med dåpsbarnet sitt navn, til påminning om det å følgja etter Kristus, Matt.11,29. Dåpsdrakten er større enn barnet, ”til å veksa i”, og symboliserer at den døypte vert ”kledd på” eit nytt liv. Gal.3,26-27.

 

Når tek vi av dåpslua?

 

Om de nyttar dåpslue(”Frelsehjelmen”, sjå Ef.6,17) til barnet, kan snora vere open når de går fram til døypefonten.

 

Her finn de ei grei hugseliste for dåpsdagen i Blomvåg, og Hjelme kyrkjer.

 

 

DÅP AV STORE BORN OG VAKSNE

 

 

 

Det er høve for store born og vaksne som trur, ønskjer å høyra til kyrkjelyden, og ikkje er døypte til å få del i dåpssakramentet etter dåpsundervisning på førehand. Før dåpen må ein vedkjenna trua på Den Tre-Eine Gud. Normalt tilrår vi slik dåp rundt påsketider. Vi har på spørsmål sagt ja til full neddykking ved somme av desse dåpshandlingane. Kyrkja har ikkje nokon vedtatt liturgi ved slike høve, men vi har nytta den formen de finn her:

 

http://www.stellamaris.no/vaksdop.htm

 

Etter idé av orkdalsmenighetene.no ,

Dåpsbrosjyrer Bud Prestegjeld, 1989,

Og utkast til same Fjell Prestegjeld, 1991. m.fl.

Dessutan same frå  Loddefjord, Jostedal og Salangen Prestegjeld.

Sjå om Lov om personnamn(2002-06-07 nr 19) på http://www.lovdata.no

 

 

Soknepresten i Øygarden

Postboks 144, 5331 Rong

TLF: 56 38 22 44  Mobil: 950 67890

sokneprest@kyrkja.net



[1] ”Frelse” er samansett av ”fri” og ”hals”. Når slavar vart frigjevne, vart lekkjen rundt halsen teken bort.

 

[2]Døype” og ”dyppa” kjem av eit germansk ord som tyder ”senkja ned i vatn.”

 

[3] Dei som er interesserte kan lesa soknepresten sin artikkel ”Den dype sammenheng” (om dåpssamtalen) frå 1993 her:

 

http://www.stellamaris.no/dds.htm

 

[4] Foreldra til barnet er særs viktige formidlarar av kristen oppseding i heimen, men er ikkje fadrar i vanleg forstand.

 

[5] Etter katolsk ordning er det tre slag oljer; katekumenolje (nyttast ved dåpen og presteordinasjon), krisma ("gledens olje" nyttast ved dåpen, konfirmasjonen og bispeordinasjon), og til sist; sjukesalvingsoljen (Oleum infirmorum). Alle oljene vert vigsla Skjærtorsdag, delt ut til sokneprestane, og oppbevart i sakristiet eller eit eige skap i nærleiken av døypefonten.

 

[6] ”Font” kjem av latin ”fons”-”kjelde”. Døypefonten med vatn saman med Guds Ord er ei kjelda med vatn som gjev evig liv. Sal.36,6.