BJ¯RGVIN BISPED¯ME 900 R

Jubileum pŒSelje

sundag 11.august 1968

 

Vegen fram er vegen attende til Guds verk

 

DŒ Harald HardrŒde varfallen pŒ herferd i England 1066, vende sonen Olav-seinare kalla OlavKyrre-attende til Norge. Han vart innsett til konge sommaren 1067.

I kyrkjelivet tok han segstraks f¿re to ting.

Hannormalsierte tilh¿vet til Roma, som etter alt Œ d¿ma hadde vorte mykje skiplaunder Kong Harald, som og ville ha herred¿met i kyrkja. F¿r biskop Bjarnhardtok over bispestolen pŒ Selja, vart han send til Roma, truleg i dette ¾rendet.Det andre kong Olav tok fatt pŒ, var organiseringa av rikskyrkja i landet. Deneldste inndelinga i tre bisped¿me heng saman med dei tre store heilagstadene ilandet. I Nidaros vart St.Olav skrinlagt alt pŒ Olav Kyrres tid og noko seinareSt.Hallvard i Oslo. Den tredje av heilagstadene var Selja. Her var eitŒndssentrum med tradisjonar attende til den fyrste kristningstida, oghelgenkulten pŒ Selja breidde seg til alle landsluter.

Dette mŒ vi tru var grunnentil at Selja peikte seg ut som bispesete. NŒr minnet om dette skulle h¿gtidast,var det naturleg Œ leggja h¿gtida til den eldste heilagstaden og bispestaden.

Den fyrste biskopen varvigd til biskop alt under Magnus Olavsson. Biskop Bjarnhard heldt seg pŒ Islandmedan Harald HardrŒde var konge, men kom attende dŒ kong Olav vart innsett. Hanvart dŒ av Olav Kyrre sett til biskop av Selja.

NŒr vi veit at han fyrstvar ein tur til Roma, kan vi rekna med at han var attende og tok opp si tenestepŒ Selja eingong i Œret 1068.

 

Og eg sŒg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma nedfrŒ himmelen, frŒ Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. FrŒkongsstolen h¿yrde eg ei h¿g r¿yst som sa: ÇSjŒ, Guds bustad er hjŒ menneska.Han skal bu hjŒ dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sj¿lv skal vera hjŒdei.   Han skal turka kvar tŒre frŒ augo deira, og d¿den skal ikkje verameir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som f¿r var, erborte.È
     DŒ sa han som sit pŒ kongsstolen: ÇSjŒ, eg gjer alleting nye!È
(Johannes Openberring 21,2-5)

 

Selja-det er sus av soge i namnet. Slik kjennest det for ossi Bj¿rgvin bisped¿me, som no h¿gtidar 900 Œrs jubileum. Det fyrste bispesetetvar her pŒ Selja, og det markerer vi ved ei s¾rleg h¿gtid her.

PŒ vegner av bisped¿met helsar eg alle som tek del med oss ijubileet[1].Det er ei s¾rleg glede for meg Œ fŒ helsa velkomen til denne tradisjonsrikekyrkjestaden. Vi kan visst rekna med at Selja-den vesle ¿ya der vi no ersamla-er den eldste heilagsteden i landet. Tallause gongar tidlegare har vŒrgamle gudstenesteliturgi tona ut over Selja, her har Guds ord vore lese og lagtut frŒ sekel til sekel. NŒr det skjer pŒ nytt i dag, gjev det oss ei kjensle avŒ stiga i gamle spor og lyfta ein heilag arv i folket vŒrt.

Minneh¿gtida vender augoattende til den tid dŒ den norske rikskyrkja vart organisert. I vŒrt bisped¿mevart utviklinga annaleis enn i dei andre. Dei to andre bisped¿ma fekk frŒ fyrstsitt naturlege sentrum i ein kj¿pstad med sin sentralheilagdom: Olavskyrkja iNidaros, Mariakyrkja i Oslo. DŒ Bergen vart grunnlagt, var vŒrt bisped¿me alt ifunksjon med Selja som bispesete. Truleg har Olav Kyrre meint at kj¿pstaden hangrunnla i Bj¿rgvin, ogsŒ skulle bli bispesete. Men det skjedde ikkje f¿r i1170, dŒ byen var 100 Œr. Selja fortener si s¾rlege kyrkjeh¿gtid. Soga omBj¿rgvin bisped¿me ville bli ufullstendig utan Selja.

Ei lita verhard ¿y her uteved storhavet vart eit religi¿st sentrum i tidleg kristen tid-det er sakte tingvi kan undra oss over. Fulln¿gjande forklaring kan nok ingen gjeva. Sikkert erat her fŒr gamalt har vore ein m¿testad, knytt til mange viktige hendingar ivŒrt folks liv.

Alt den fyrste kong Olav ivŒr soge m¿tet folket her. Han heldt ting pŒ Dragseidet her i n¾rleiken i 997.Truleg har han dŒ vore pŒ Selja. Legenden veit iallfall Œ fortelja bŒde at kongOlav Trygvason vitja Selja og at han gjorde opptak til Œ byggja den fyrstekyrkja her oppe under Hellaren, der vi no har ruinane av Sta.Sunnivakyrkja.

OgsŒden andre kong Olav-Olav den heilage-var her pŒ Selja. Snorre fortel at det varher han steig i land dŒ han kom heim og kravde kongsnamn. Han sŒg det som eitgodt teikn-seier soga-at han kom til Œ ta land nett pŒ denne heilagstaden.

Den tredje kong Olav i vŒrsoge-Olav Kyrre-var det som sette den fyrste biskop pŒ Selja for 900 Œr sidan.NŒr vŒr eigen kong Olav no h¿gtidar jubileet saman  med folket her vest, er det uttrykk for ein sterk historisktradisjon i vŒrt folk og i vŒr kyrkje.

 

 

 

Bilete:Biskop Per Juvkam saman med Kong Olav V pŒ Selja, 11.august 1968. Fotograf: Ukjend.

 

Ruinane vi her ser ikringoss, talar samstundes om noko meir. Klostret pŒ Selja vart vigt til St.Alban,den fyrste engelske martyr, og var vel det eldste klosteranlegget i Norge. Steinanefortel om ein st¿rre samanheng, som vŒr kyrkje og vŒrt bisped¿me frŒ f¿rstestund sto i. Kjeldene er sparsame og vi vantar eit fulllstendig bilete. Mensikkert er at Œndelege impulsar frŒ dei britiske ¿yane har sett utviklinga igang. Kristen pŒverknad vestfrŒ i det heile har vore avgjerande forframvoksteren av det Œndelege sentrum pŒ Selje i tidleg kristen tid.

Lat bŒde det nasjonale ogdet internasjonale aspekt vera klŒrt og sterkt understreka no ved jubileet.Viktigast av alt er likevel eit tredje, som skal ha hovudvekta ved ei h¿gtidsom denne. Eg tenkjer pŒ det som i Bibelen stŒr om Guds rike-korleis det veksfram og tek form i skiftande tider i soga.

Lat no den teksta vi las,hjelpa oss til ΠsjΠikkje berre attende, men ogsΠframetter.

 

I.

 

ÇSjŒ, eg gjer alle tingnye!È

 

Det er eit profetord viher h¿yrer. Det fortel om framtida, den framtid som elles er l¿ynd for oss.Ordet tek oss med heilt fram til den tid dŒ livet her pŒ jorda lid mot slutten.

DŒ sp¿r vi straks medspenning: korleis gjekk det til slutt med menneskelivet? Ofte stŒr vi undrandeandsynes ei utvikling som vi kjenner oss utrygge ved-med mange sp¿rsnmŒl tilframtida. Korleis enda soga om menneskeslekta pŒ vŒr jord?

Ingen kan svara pŒ detutan Guds ord. Elles h¿yrer vi frŒ menneske sŒ mang ein dyster spŒdom om atlivet er d¿mt til undergang. Difor skal ingen undra seg om vi sp¿r, og sp¿r medspenning, kva framtida ber i sitt fang. All vŒr forventning til livet og allvŒr innsats er til fŒnyttes, sŒframt det heile endar i ein katastrofe.

Vel-Bibelen talar og omkatastrofar, st¿rre og mindre, ofte i dei mektigaste ordelag. Men lat oss nolyda etter nŒr Bibelen gjev oss det siste profetiske framtidssynet, som fortelkorleis alt endar. No vender eg meg framfor alt til dei unge, men som tvilar pŒat livet er verdt Œ satse pŒ. Framtida er jo sŒ uviss! Kan hende det gŒr motkaos og undergang?

Nei-seier Gudsord-undergangskreftene skal aldri fŒ overhand! Ingen vil nekta-aller minstBibelen-at kampen kan vera hard, og at vi i kampen kan lida mangt eit nederlag.Men det siste ordet i soga er det Gud som talar, han som er alle tingsskapar ogherre-og det er eit sigersrop: ÓSjŒ, eg gjer alle ting nye!Ó

Dei eldre av oss minnestalle 7.juni 1945. Ein ugl¿ymande dag for alle av norsk blod. Kong Haakon vendeheim. Etter fem spanande Œr, der kampen hadde bylgja fram og attende, stoKongen igjen pŒ norsk jord, og han sto der som symbolet pŒ fridomen som varvunnen attende. Folk sto tett etter ruta der kongen kom. Ein liten gut ifolkemassen klagar seg: ÓEg fŒr ikkje sjŒ kongen, mor!Ó DŒ lyfter mor den vesleopp, sŒ h¿gt ho kan over alt som stengjer utsynet: ÓSjŒ no Kongen, guten min,og gl¿ym han aldri!Ó

 

 

Biskopen isamtale med red. pŒ visitas i Fanakyrkja eit halvŒr etter h¿gtida pŒ Selja.Foto: Olav AlvsŒker.

 

Teksten i dag vil lyfta oggje oss utsynet. Lat deg lyfta, slik Guds ord kan det, og sjŒ Herren over altdet skapte. Her er det faste og trygge augnemerket i vŒr framtid. Teksta syneross Herren, nŒr han fullf¿rer si siste skaparhandling: ÓSjŒ, eg gjer alle tingnye!Ó

Gl¿ym, det sŒ aldri, i altsom skjer, korleis utviklinga enn vender seg i verda. Lat vŒr tekst slŒ detfast for evig og alltid. Soga om menneskeslekta enda-ikkje med nederlag ogundergang-men med eit sigersrop. Den som trur pŒ Gud, fŒr med det ei ukueligtru pŒ livet!

 

II.

Livet skal nŒ sitt mŒl.MensŒ mŒ vi heller ikkje gl¿yma det andre som det her var tale om: det mŒ einyskaping til!

Den siste og st¿rste ogavgjerande nyskaping ligg der framme. Det (er)[2]eiGuds-handling vi enno ser fram til. Verknaden har vi likevel alt her og no-ogdet pŒ dobbel vis.

Det f¿rer til at kyrkjaalltid fŒr vende auga frametter. Skal vi med eitt ord karakterisera kyrkja, ogseia kva som er sermerkt for livet der, sŒ er ordet von eller forventning.

Gud har sin vilje, sinplan og sitt mŒl med den verda han har skapt. Til sist skal han fŒ sin viljefram. Sterkt og vakkert kjem det til uttrykk nŒr teksta talar om det nyeJerusalem. Det nye Jerusalem stŒr som symbol for den verd som er tiltenkt ossav han som har skapt oss, og som har l¿yst oss ut frŒ synd og skuld. Det nyeJerusalem stig ned frŒ Gud, budd som ei brur som er prydd for sin brudgom.Tanken om alle tings fullending er ingen utopi eller fŒfengd draum. Det er Gudslovnad, og han vil sj¿lv syta for Œ setja sitt ord og vilje i verk.

Av dette fylgjer for detandre at alt her pŒ jord fŒr karakter av noko mellombels. Ingen ting er enno fullkome, og vert det heler ikkjeher. Det skapte er nok uttrykk for Guds tanke opg vilje, men ingen ting er ennoslik sonm Gud har tenktog meint. Kort kan det seiast slik: vi er undervegs!

For kyrkja vil det seia atho aldri kan slΠseg til ro med det som er, med tilstanden slik han er og har vore.Er det sant, som det ofte vert sagt, at kyrkja heng fast ved det gamle ogottast alt som nytt er, dΠer det eit faresignal, eit sjukdomsteikn, eit varselom at noko er galt fatt med det indre livet i kyrkja.

Ei sann kyrkje er eikyrkje i oppbrudd-mot eit mŒl som vi venter Œ nŒ og som vi alltid har for auga.

 

 

Tre Œrseinare heldt Biskopen Ungdomsting med ÓKyrkje i OppbruddÓ som tema. Ill.: red.

 

III.

No ser vi grunnen til atBibelen sΠofte og sΠinntrengjande talar om nyskaping undervegs.

Lat det bli hovudsaka, somvi hentar fram frŒ Guds ord ved denne store kyrkjeh¿gtida.

NŒr kyrkja stagnerar,klyngar seg til det gamle, gl¿ymer den stŒande marsjordren ho har frŒ soinHerre og tapar mŒlet av synet-dŒ er det ei nyskaping som trengst. NŒr eitmenneske misser den personlege kontakten med Gud, taper livsmŒlet av syne ogvil gŒ sin eigen veg-dŒ er det ingenting anna som hjelper enn ei nyskaping.

Korleis gŒr det til nŒrGud fullf¿rer si nyskaping-eingong der framme, og framfor alt medan vi erundervegs, her og no?

Alltid pŒ same mŒten: Hankjem oss n¾r! DŒ kan det skje. H¿yr igjen kva her sto: ÇSjŒ, Guds bustad erhjŒ menneska. Han skal bu hjŒ dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sj¿lvskal vera hjŒ dei.Ó 

Men korleis kan Gud komaoss n¾r nok medan vi enno er undervegs?
Guds ord svarar sj¿lv pŒ dette, men eg nyttar gjerne eit bilete.her Her likeutanfor Selje-¿ya ligg den gamle skipsleia, der folket vŒrt har fare frŒ alderstid-lenge f¿r kompass og Decca-kjede kunne sikre rett lei. Men til alle tiderhar her vore straum og strom, som altfor lett kunne f¿ra ut av kurs. Einasteutvegen var Œ ta peiling av sola-men sola var sŒ tidt g¿ymd attom skodde ogtunge skyer.

DŒ nytta vŒre fedre nokodei kan kalle ein solarstein. Eg har fŒtt sjŒ ein slik eingong, han skulle veraover tusen Œr gamal. Solarsteinen, det var ein bergkrystall, og nŒr dei heldthan opp mot himmelen, tok han i nokon monn bort verknaden av skydekket, slik atdei kunne skimte sola om dagen og leiestjerna nattars tid.

 

 

 

Decca-stasjonenpΠStad fotografert juli 2000 v.red.

 

Ein solarstein har sikkerthjelpt mang ein siglar i hamn her pŒ Selja-og dei tok han med nŒr dei forvidare.

VŒr tekst-Bibelordet vihar lese-er ein solarstein, som vi vi halda opp for oss ved kyrkjeh¿gtida pŒSelje.

Vi fŒr sjŒ Gud, nŒr haneingong fullf¿rer sitt skaparverk: ÓHan skal turka kvar tŒre frŒ augo deira,og d¿den skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle.For det som f¿r var, er borte.È

Men i sitt ord og i denheilage tenesta kjem Gud oss n¾r nok alt her og no til Œ fullf¿ra si nyskapingundervegs. Gud har mange mŒtar, ingen kan granska alle Guds vegar, men ihovudsak er det tale om to ting.

Ved ei minneh¿gtid somdenne ligg det n¾r Œ festa synet ved det eg vil kalla den historiske fornying.

Her er ei hand bak vŒrlagnad-som einskildmennenske, som kyrkja og som folk. Kan nokon lesa vŒr sogeutan Œ h¿yra Guds fottrinn eller sjŒ spor av hans sterke hand?

Ei herleg von lyser oss im¿te i lovnaden om at Gud skal turka kvar tŒre, l¾kja alle sŒr og stagga alleskrik med si tr¿yst.

Men like stort og ennomeir tr¿ystefullt er det at Gud kjem oss n¾r alt no, nŒr vi kjempar med tŒrerog liding, og sŒr og skrik framleis er eit uhyggeleg faktum i verda. At Gudkjem oss n¾r i vŒr naud, vil ikkje berre seia at han gjev oss si tr¿yst. OgsŒdet! Men her er tale om langt st¿rre ting: Gud byd oss Œ gŒ vidare, fordi hanav det som fall i grus, vil skapa noko nytt!

Det skulle ikkje undra megom mange mellom alle dei tusentalls som her er tilstades, sit og ser pŒ ruinaneikring oss med eit visst vemod. Det er ikkje til Œ unngŒ, sŒframt vi held fastpŒ fortida. Evangeliet i dag gjev oss Œ sjŒ bŒde pŒ desse og pŒ mange andreruinar i verda med nye augo.

Ruinane etter vegen som kyrkjagŒr, kan aldri vekkja varande vemod-det er heller eit vitnemŒl om ei kyrkje pŒvandring, alltid i oppbrudd, men augo vende i tru og von mot det som ventar.Elds¿ylen framfor folket i den gamle pakt, signalet til Œ bryta opp og gŒvidare, er ikkje berre ei gammel soge. Oppbruddssignalet har kanskje aldriteikna seg klŒrare mot framtidshimelen enn i vŒr tid. No som alltid sp¿rst detom folket vil lytta til Guds tale i det som skjer, og om vi vil lyda Guds kallfrŒ hans ord og hans Ande.

Til slutt: nŒr Guds ord pŒdenne mŒten kallar pŒ vŒr tru og vŒr lydnad, dŒ gjeld det personleg fornying.Kanskje nŒr mi r¿yst i dag eit medmenneske, som livet har laga seg slik for atdet berre er for ruinar att Œ rekna. Gjev eg kunne fŒ sagt det like sterkt somtonen i teksta: av det som fell i grus i vŒr verd og i vŒrt liv, kan og vil Gudskapa noko som skal bli stŒande!

Mang ein mellom oss kaniblant tvila pŒ om livet har eit mŒl og tilv¾ret ei meining. Lat meg svara medeit Kristus-ord, som utfyller vŒr tekst, og som fŒr ein eigen klang her iruinane pŒ Selje: ÓDen som sigrar, han vil eg gjera til ei s¿yle i min Gudstempel, og han skal aldri meir gŒ ut derifrŒ. Eg vil skriva min Guds namn pŒhan saman med namnet pŒ min Guds by-det nye Jerusalam, som kjem ned frŒ himmelen,frŒ min Gud-og like eins mitt eige nye namn.Ó Johs. Openb 3,12)

Det er Guds tale til osssom h¿yrer hans ord i dag. Sagt mellom s¿yleruinane pŒ Selje fŒr orda einklang, som svarar til den h¿gtida vi held.

 

Biskop Per Juvkam

ÓmedÉei helsing og takktil heile det bisped¿met som eg sŒ lenge har vore knytt til.Ó

FrŒ ÓH¿gtidsdagar iBj¿rgvinÓ, s.30-39

©Land og Kirke/GyldendalNorsk Forlag AS 1977

ISBN 82-05-10681-9

 

 

http://www.katolsk.no/biografi/biskoper.htm

 

 

 

 



[1] Forutan dei nordiske kyrkjene var den skotske og denanglikanske kyrkja representert ved kyrkjeh¿gtida.

[2] Ikkje i manuskriptet, red.