Sagrada Familia-DenHeilage Familien.

Ei utfordring fråBarcelona.

 

Eg har nett kome heim frånokre inntrykksfulle turar, både til Dallas, Texas i samband medradioprosjektet eg er med i, og så ferietur til det spanske og franskeCatalunya, og Andorra.

 

Nokre av dei sterkaste biletaeg sit att med, er inntrykket av det sterke og prøva katalonske folket, medeige flagg og indre sjølvstyre. Men óg kontrasten mellom Andorra sin ”børs” ogBarcelona sin ”katedral”.

 

Ikkje bare fekk vi feiremesse - på katalonsk-i Barcelona sin vakre katedral, og be aftansong saman medbenediktinarmunkane i klosterkyrkja på fjellet Montserrat, sør for Manresa.

 

Det finaste minnet er likevelkan hende frå vitjinga av ei anna kyrkje.

 

Mellomgatene Marina, Provença, Sardenya og Mallorca i Barcelona ligg ho. Sume kallarho ”kyrkja som aldri vert ferdig”. Ho har vore bygd på sidan 1888, og vert ialle høve ikkje er ferdig før i 2041:

 

Sagrada Familia-DenHeilage Familien.

 

Namnet kjem frå den fasadenav kyrkja som vender mot Marina-gata og vakkert viser Jesu fødsel og liv. Herer óg den Heilage Apostelen sine tre kristne dyder: Trua, Vona og Kjærleiken.(1.Kor.13,13; 1.Tess.1,3)

 

Kyrkja er teikna av denkatalonske arkitekten Antoni Gaudí, d.1926. Han hadde ein modernistisk stil,bygd på førebilete frå naturen. Stilen hans er óg kalla “global arkitektur.” Kanskjekom kreativiteten hans ikkje bare av evner utanom det vanlege, men og avkjærleik til landet og ei djup kristen tru.

 

For Gaudí er det ingenskilnad mellom stillas og innhald, og det er sagt at det er umogleg å finna kvasom er kva av desse.

 

Detslo meg då eg sto ved kyrkja at Gaudí sin stil nok kommuniserer godt medmenneske av i dag. Frå kyrkja sin side må vi nok erkjenne at vi lever i ei tidder ”ingenting er A4” og mykje av livet for mange er følelser og opplevingar,med mykje lyst på godt og vondt, men óg mykje smerte.

 

Sjølvom vi må ta avstand frå det ideologiske ved rådande straumdraget i tida,postmodernismen, som vil ha det til at ingenting og alt er rett.

 

Somkristne og kyrkje trur vi på Han som er Vegen, Sanninga og Livet, Joh.14,6.

 

Somprest har eg eit stort ønskje om å stå på dette ”gamle evangeliet”. Utan Jesus,og det Han har sagt om kva som er kristendom i lære og liv er det umogleg åvere prest og kyrkje. Utan Jesus og det Han har sagt er det umogleg å tru ogbli frelst. Dette veit eg at mange i prestegjeldet vil stå saman med meg i, ogkjempe for.

 

Menvi har godt av å ta med oss utfordringa frå Barcelona.

 

NårJesus sjølv då Han steig inn i vår verd vart ein del av Sagrada Familia-DenHeilage Familien(Luk.2,16+33), skal vi og som kristne bevisstgjere oss påvårt sams, og heilage kall som ein familie(Ef.2,19-22) når vi bygger stein påstein i vår lokale kyrkje for born og komande generasjonar. Og innhaldet i truaer det same som alltid, men formene kan skifte.

 

sokneprest@kyrkja.net

 

http://www.sagradafamilia.org/

http://www.aviewoncities.com/barcelona/sagradafamilia.htm

http://www.greatbuildings.com/architects/Antoni_Gaudi.html