Credo!(Eg trur!)

Nicaenum. Den nikenske truvedkjenninga:
(Sjå Norsk Salmebok nr. 945)


P: Lat oss vedkjennast vår heilage tru.
K:Vi trur på éin Gud, den allmektige Far,
som har skapt himmel og jord, alt synleg og usynleg.
Vi trur på éin Herre, Jesus Kristus, Guds einborne Son,
fødd av Faderen før alle tider,
Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud,
fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.
Ved han er alt skapt.
For oss menneske og til vår frelse steig han ned frå himmelen,
og ved Den Heilage Ande og av Maria møy
vart han menneske av kjøt og blod.
Han vart krossfest for oss under Pontius Pilatus,
leid og vart gravlagd,
stod opp tredje dagen etter Skriftene
og fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Faderen,
skal koma att i herlegdom for å døma levande og døde,
og hans rike skal vera utan ende.
Vi trur på Den Heilage Ande,
som er Herre og gjer levande,
som går ut frå Faderen, som vert tilbeden og æra
saman med Faderen og Sonen,
og som har tala gjennom profetane.
Vi trur på éi heilag, allmenn (KATOLSK) og apostolisk Kyrkje.
Vi vedkjennest éin dåp til forlating for syndene
og ser fram til oppstoda av dei døde og eit liv i den komande verda. Amen.


Sokneprest Emeritus Svenn Martinsen, Boks 100, N5331 RONG ©2005-2013.

Fint om du gjev respons!

Bruk attendepilen for retur til forrige sida.

Attende til startsida

JavaScript Scrolling Text