LTB-metoden!

(=LES-TENK-BE)



Ill.fra Bengt Pleijel/Berit Simonsson: Innersidan:
En vandring genom den apostoliska trosbekännelsen, Stiftelsen Vetekornet, 1975-.


DAGLEG TRIM MED GUDS ORD

Du skulle kvar dag ta deg tid til å lese i Bibelen.
Dersom du les eit kapittel om dagen,
vil det ta deg ca. 3 år å lese gjennom heile Bibelen.
Det vil seie 1189 kapittel. Dersom du les berre eit vers om dagen,
vil det ta deg ca. 87 år å koma gjennom
alle dei 31173 versa Bibelen er delt inn i.

Her er ein enkel metode,
LES-TENK-BE,
til hjelp i bibel-lesinga:

LES teksten.
Kanskje du kan lese andre stader om detsame?
TENK over:
a)Kva er hovudsaka i det du har lese?
b)Er det noko du ikkje skjønar?
Om så er, noter spørsmålet og
spør ein prest eller leiar du har tillit til.
BE stilt med eigne ord.
Kanskje det er noko du vil takke for,
be om hjelp til å gjere
eller kanskje gjere godt att?

Har du ikkje tid til lese Bibelen, seier du?
Stå opp eit kvarter før!
Ein liten morgontrim med Guds Ord
gjev styrke for heile dagen.
Her er Dagens Bibelord frå Bibelselskapet:



Her er nokre nettsider
kor du kan få tak i Bibelleseplanar som kan ta deg vidare:

Bibelleseringen
Bibelselskapet/Verbum
Les også gjerne en fin betraktning av Johnn Hardang

Stoffet her er oppdatert og utvida av SM etter:
Meir enn du anar
Tore Kopperud, Hans Chr Lier
Luther Forlag, 1987

Send gjerne epost!


Sokneprest Emeritus Svenn Martinsen, Boks 100, N5331 RONG ©30.juni 2013




JavaScript Scrolling Text