Ingolf Boge

Martyr under nazi-diktaturet.

"Eg ber ikkje agg til nokon."
Sokneprest i Fjell d¿ydde i tysk fangenskap.
av Kapellan 1 i Fjell, Svenn Martinsen.

LEAD Technologies Inc. V1.01

Sokneprest Ingolf Anderson Boge, f¿dd i Bruvik 31.01.1900.
Teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet 1926, praktikum same Œr. Res.kap. til Haus 1927, sokneprest til Kviteseid 1930, sokneprest til Fjell 1937.
Han vart arrestert 1. september 1943 av tyskarane og d¿ydde i tysk fangenskap 1. april 1944.


Den 6 Œr gamle
sonen, Dagfinn Boge, fortel om den vonde dagen
1. september 1943:

LEAD Technologies Inc. V1.01

"Eg var 6 Œr den gongen. Ottar, tvillingbroren min, og eg hadde nettopp kome heim frŒ skulen, som var i fabrikken pŒ Kolltveit. Dessutan var nest eldste broren min, Einar, heime. Ingerid gjekk pŒ framhaldskule pŒ Arna, og Audun var pŒ skulen pŒ Kolltveit. Far kom gŒande ned Djupedalen med nokre ukjende menn ved sida av seg. Eit par av dei var i uniform. Det gjekk opp for meg at far skulle arresterast. Eg hugsar at mor og far var Œlvorlege.Far pakka nokre klede han skulle ha med seg. Han bad sŒ om Œ fŒ be Fader VŒr saman med oss. Dette vart innvilga. SŒ sŒg me han ikkje meir heime, men mor, Ottar og eg, fekk treffa far i fangeleiren i Moldalia pŒ Espeland dagen f¿r Ottar og eg fylte 7 Œr. Dette var siste gongen eg sŒg far."

 

Det er Dagfinn Boge, yngstemann i prestefamilien pΠ"Fjedlet" under krigen som seier dette. Han er i dag rektor pΠGarnes skule i Arna.
Den 1.september 1943 skulle verta ein dramatisk dag for 1.klassingen, og familien. Det galdt —g for kyrkjelyden, som no miste presten sin. Sokneprest Boge skulle aldri koma att korkje til sine kj¾re, eller til flokken han var hyrding for.

 

Sokneprest Boge sitt vita

Kallsbok for Fjell sokneprestembete har desse opplysningane:

"5. Emil Georg Storesund

..."holdt sin avskedspreken i Fjell 1ste S.e.tref. den 3.mai(1937) og reiste dagen efter til VŒle."(Skrive av Storesund, forf.s.anm.)

Ordinert prest Hans Eide styrde Fjell soknekall frΠ1/6-20/11-1937.

6.Ingolf Anderson Boge, f¿dd i Bruvik 31. jan. 1900. Tok studenteksamen ved Voss off. Landsgymnas 1920, latinlina Mtf, tok theologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet 1926, og praktikum haustsemesteret same Œr og same stad.(Laud)

I studietidi hadde han ein del vikararbeid i folkeskulen.

Vart 16. jan.1927 res.kapellan til Haus der han var soknerŒdsformann og skulestyreformann. Vart utnemnd til sokneprest til Kviteseid og yvertok dette embete 12/10 1930.

30/9 1937 vart han utnemnd til sokneprest til Fjell og yvertok denne stilling 20/11 1937.

(Skrive av Boge sj¿lv, forf.s.anm.)

Sokneprest Boge med huslyd budde i prestegarden til tyskarane trengde dei ut i desember 1942. FrŒ den tid budde dei i Kolltveit til Boge vart arrestert og f¿rt bort derifrŒ 1/9 1943. Han skildest med sine eigne med Œ lese FadervŒr saman med dei. Boge held klŒre linjer, bŒde kristeleg, kyrkjeleg og nasjonalt. Dette var vel grunnen til arrestasjonen.-

Vegen gjekk om Bergens krinsfengsel, Espeland, Grini og vidare til Neuengamme ved Berlin. Der d¿ydde han 7. mnd. etter arrestasjonen av dobbel lungebetennelse.

Hans siste ord var: "Eg ber ikkje agg til nokon."

-Sokneprest Boge let etter seg kone og 5 born. Dei flytte til Arna.

 

Ordinert prest Agnar Nigar styrde Fjell soknekall frΠ17/9 1943 til 10/2 1944, dΠhan vart arrestert.

Stiftskapellan N. Trengereid styrde kallet frΠ4/4 1944 til 27/4 1946."

(Skrive av Trengereid. KZ-leiren Neuengamme ligg ikkje i Berlin, men rett s¿r for Hamburg, forf.s anm.)

Biskop Dagfinn Hauge fortalde forf. hausten 1994 at han var tilstades i Bergen Domkyrkje dŒ Boge vart ordinert 17.desember 1926, av Biskop Peter Hognestad. Teksta var frŒ Luk.2,41-52, Jesus som tolv-Œring i templet.

(Illustrasjon 1: Bilettekst: Sokneprest Ingolf Boge.(VŒre Falne.))

Norsk fangeleksikon. Grinifangene. Red. av B¿rre R. Giertsen, J.W.Cappelens forlag Oslo 1946. s.314/690, fortel dette:

"8750. Ingolf Boge. prest, Fjell. F. 31-1-1900. Arr. 1-9-43 til Bergen, til Grini 21-11-43, 27-2-44 til Tyskland._ april 1944 Neuengamme.

Seinare tillegg: D¿d 1-4-1944."

VŒre falne.(Kjelde: Riksarkivet.) s. 314 nemner Boge sitt vita slik:

"Boge, Ingolf, sokneprest, Fjell. F¿dt 31.januar 1900 i Bruvik, s. av l¾rer og kirkesanger Anders Boge, f. 1854 i Bruvik, og Iverine Larsdatter f. S¾b¿, f. 1864 i L¾rdal. Gift 1927 i Rolvs¿y med Edith M¿llerup, f.1903 i Grong. 5 barn. Kandidat fra Menighetsfakultetet i Oslo og sokneprest i Fjell. Ble arrestert 1.september 1943 etter en husunders¿kelse og sendt til Aleksandra Platz(Alexanderplatz, —g kalla PolizeiŸberprŸfungstelle, forf.s.anm.)-fengslet i Berlin hvor han d¿de 1.april 1944.

(Kristian Ottosen, Fangeliste i :Bak LŒs og SlŒ, Nordmenn i Hitlers tukthus og fengsler, s.405, seier at arrestasjonsgrunnen var Milorg, og d¿dsstaden Berlin. Boge er —g nemnd i: Fangelista i Liv og D¿d, Historien om Sachsenhausen-fangene, same forf. s.336, men utan fangenr. frŒ KZ-Lager Sachsenhausen.)

SjŒ under om mogleg d¿dsstad for Boge.

FrΠdagslista for soknepresten i Fjell 1:
Glimt frΠ1941 og 1942:
Soknepresten stŒr pŒ Kirkens Grunn:

(Konfidentar sine namn er ikkje attgjevne frΠdagsregisteret, forf.s anm.)

1941:

" 16/2 S.Seksagesima, Landro. Gudstenesta kl.11. "Korleis er jordsmonnet i hjarteŒkeren din?" Nattverd. 10 nattv.gj. B¿n for Biskopane. Der var hyrdebrev til prester og menigheter fra biskopane omtalt og delvis referert. Likeeins vart lese brev frŒ Bj¿rgvin bisped¿merŒd."

" 23/2 Fastelag s. Fjell. Gudstenesta kl.11. 1 R. "Jesu dŒp for oss. VŒr dŒp til Jesus som vŒr forsvarar, vŒr Frelsar og Herre." 1 barn til dŒpen. Emis¾r Gj¿s¾ter avslutta gudstenesta. Kyrkjelydsm¿te...(som Landro veka f¿r) Rekneskap for 1940 over offer og kollektar i kyrkja vart opplese."

"29/5 Hjelpte to tyske soldatar til Œ finne fram i kyrkjeb¿kene. Dei hadde i oppdrag Œ leita fram ibuarar i Fjell av tysk ¾tt."

"20-26/10. Sokneprest Boge permisjon for Œ delta i Bekjendelsestro presters Broderkrets m¿te i Oslo m.m."

1942:

"8/3 3.sundag i fasta(Algr¿y) Gudstenestlegt m¿te kl.11. 2.rekkja. "Strid i Jesu kraft." Las opp brevet frŒ biskopane til prestar og kyrkjelydar dagsett 24/2, og brevet frŒ biskopane dagsett 14/2 om tvangsmobilisering av born og unge i alderen 10-18 Œr. Forb¿n for bispar og domprostar, prestar og l¾rarar."

Nattverd for gamle. 7 nattv.gjester. 1 husvitjing."

"15/3 Midtfaste sundag Fjell. Soknepresten intimerte 1 Pet 2, 21-24. Pastor Stabell-Rasmussen preika II R. Offer til Israelsmisjonen. 5 DŒp. Nattverd. 40 nattv.gjester. Etter gudstenesta gav soknepresten ei orientering om den kyrkjelege situasjon og las opp brevet frŒ Norges bisper til "Den norske kirkes menigheter og prester" dagsett 26.februar, og biskopane sitt brev til minister Schancke dagset 14/2 1942. Forb¿n. Fedrelandsalma v-1.2 og v.6. DŒp i kyrkja kl.18 av eit born som ikkje nŒdde fram til gudstenesta."

"5/4 1. PŒskedag, Fjell. Gudstenesta ved soknepresten. 2. rekkja. Offer til Den Norske Sj¿mannsmisjon. 3 DŒp.

 

 6/4 2. PŒskedag, Landro. Gudstenesta ved soknepresten. 2. rekkja. Offer til Den Norske Sj¿mannsmisjon. 8 DŒp.

Etter gudstenesta gav soknepresten ei orientering om den kyrkjelege situasjon. Ein mann frŒ Landro takka for dette. Kyrkjelyden reiste seg og song:"Guds ord det er vŒrt arvegods." Gravtale og 4 jordfestingar pŒ Landro kyrkjegard, ei vitjing i Landro.

7/4 F¿ring av kyrkjeb¿ker.

8/4 Gravtale og jordfesting pΠFjell kyrkjegard. Var i Bergen og konfererte med kollegaer.

9/4 Bjor¿y. Meddelte N.N. familie nattverden. (4 nattv.gjester.)

10/4 M¿te i Fjell SoknerŒd. Arbeid med kvartalsmeldingar.

11/4 Brudevigsla i Fjell kyrkje. DŒp av 5 born i Fjell kyrkje.

12/4 1.s.e.pŒske. Fjell. Gudstenesta kl. 11.00. f.m. II.R. Tema: "Jesus er den same etter oppstoda som f¿r". 8 DŒp. Nattverd.(310 nattverdgjester) Pastor Trengereid utf¿rde dŒpen og hjelpte til med Œ dela ut br¿det ved nattverden.

Soknepresten refererte telegram og rundskriv frŒ kyrkjedep. om at dei prestar som tok del i opplesing og underskriving av vedkjenningsskriftet "Kirkens grunn", mŒtte venta Œ fŒ avskild og mŒ reisa frŒ prestebustaden og sitt distrikt innan 8 dagar. Gav opplysning om innhaldet i "Kirkens grunn" og om at eg hadde gjeve mi underskrift til denne vedkjenning. Difor mŒtte ein rekna med at dette vart siste gudstenesta sokneprest Boge fekk ha i Fjell. Takka soknerŒd, klokkar, organist, kyrkjetenar, gravar for godt samarbeid. Likeeins takk til medhjelpararne og leiarane for misjonslag og kristelege arbeidsgreinar i Fjell. Etter gudstenesta var slutt, retta formannen i Fjell soknerŒd ei varm og hjarteleg takk til soknepresten og kona hans for deira arbeid i Fjell. Ynskte dei velkommen att."

"20/4 Ny kolonne i dagsregisteret: Kyrkjeleg velsigning."

"22/4 Konferanse med kollegaer og soknerŒdsformannen."

FrŒ SoknerŒdsprotokollen for Fjell 1:
M¿te 10-4-1942.
SoknerŒdet stŒr pŒ Kirkens Grunn.

 

"SoknerŒdet vart kalla saman pr.telefon. Ein m¿ttes pŒ prestekontoret og tok avsked med presten-I.Boge-som etter ordre mŒtte forlate prestegarden innan ti dagar. Det vart samtala om ymse og "Kirkens Grunn" var lese opp. SoknerŒdet sa seg samd i tankane som var borne fram i skrivet og skreiv under eit framleg som skulde sendast til rette vedkomande. Ein var noko sŒra over Œ mŒtte skiljast frŒ prestefolket pŒ ein so sn¿gg og uvanleg mŒte, men det vart likevel ei gild avskilstund pŒ kne som gav mykje styrke i avskilstimen.

DŒ det ikkje vart protokollert det ein samtala om pŒ m¿tet, er dette referat nedskrive av form. ei stund etterpŒ. Presten held avskilspreik sund.12.april. Mykje folk og stor nattverds¿knad. Sokner.form. takka pr.

Nils Foldnes."

LEAD Technologies Inc. V1.01 

 

 

 

 

 

Sokneprest Boge les opp Kirkens Grunn frŒ preikestolen i Fjell 12.april 1942. Presten som sit i ornat i koret, er stiftskapellan Nils Trengereid. Biletet er teke frŒ galleriet av Ragnvald Fjell(?), og stilt til rŒdvelde av familien Boge.

Rapport frΠBoge/FrΠdagslista for soknepresten i Fjell 2:
Glimt frΠApril 1942-15.desember 1942:
Tyskarane kjem. Forvist frΠprestegarden og kyrkja.

"1.Eg nemner fyrst "TellavŒgaff¾ra" som f¿rte til at alle i heimane i TellavŒg vart fengsla eller sende i konsentrasjonslager. Mange frŒ Fjell hadde n¾rskyldfolk i TellavŒg.

Uhyggeleg var det Œ h¿yre sprengsmellane og sjŒ r¿yks¿ylor frŒ hus og heimar i TellavŒg som vart sprengde og brende. Dette var frŒ midt...mai og utetter.

2. FrŒ same tid auka stendigt talet pŒ tyskarar som kom til Fjell. Organisasjon Todt og norske arbeidarar vart sende hit og snart vaks det opp barakkar bŒde her og der. Tyskarane(org.Todt) vart innkvarterte i skulehus, i ungdomshus og bedehus, og i privathus.

FrΠ15.juni var 4 tyskarar inkvarterte i prestegarden. Ingen kunde segja imot. Tyskarane tok det dei vilde ha.

So tok vegarbeid og festningsarbeid til. Arbeidet gjekk dag og natt, s¿ndag som mŒndag. Mitt under gudstenesta sundag fyremiddag fekk ein ofte Lange seriar av mineringsskot...av i fjellet austfor kyrkja.

Sundagsfreden var heilt vekke.

Vyrdnaden for moralske lover og moralsk liv fekk og ein hard knekk ved at alle desse tilreisande og framande ikkje respekterte kristeleg morallover eller vanleg s¿meleg framferd.

I mang ein heim vart husfreden krenkt, og samkomer(?) mellom "vaskegjenter" og tyskarar med drikk og turing gjekk for seg. Ogso i prestegarden gjekk slike ting for seg. Protest og fyreteljing var lite nytte i. Likevel mŒ det segjast at sume av tyskarane oppf¿rte seg h¿visk. Sist i oktober flutte verste turebassen frŒ prestegarden. Men ei stund etter fekk presten pŒbod om Œ flytta frŒ prestegarden(evakuera) og overlata hus og eigedom til tyskarane. Eg fekk gjort avtale om Œ fŒ flytta inn i eit nytt hus pŒ Ulveseth og fekk lovnad om ein viss tidsfrist til Œ ordna med flyttingi dit."

"13/11 Tale ved bŒra(i heimen) Œt Ole Hansen Lie. Jordfesting. Husvitjing pŒ Ulveseth for Œ h¿yra om hus dersom prestegarden mŒ evakuerast."

"20/11 Konferansar med den tyske vernemakt, Lensmannen og Fylkesmannen om evakuering av prestegarden."

"29/11 1.s. i advent. Fjell, gudsteneste ved soknepresten og pastor Haugland. Offer til misjon blant hjeml¿se. 2 DŒp. Nattverd.(32 nattv.gjester)

30/11 Bjor¿y. Gav nattverden til N.N. og N.N. (2 nattv.gjester) Tala i heimen ved Ole Monsen Bjor¿y si gravferd. Forretta ved gravi. Bibellesing pŒ Tellnes skulehus.

1/12 Kontorarbeid og f¿rebuing til evakuering av prestegarden.

1/12 Klokka 6 1/2 e.m. stod det 7 tyskarar i uniform("ein tysk sanitetsoffiser med ein del soldatar") i gangen pŒ prestegarden og kravde huset r¿mt med ein gong.10 tyskarar overnatta pŒ prestegarden on natti.("Dei tok same kvelden 3 rom i bruk.") Kona mi og eg og tenestegjenta pakka til kl.13 1/2 om natti, sŒ nokre timar i seng. Og so snart morgonen kom, var vi pŒ f¿tene.Det galdt Œ fŒ med sŒ mykje som rŒd var av matvaror. Borni hjelpte til med Œ fylla poteter og gr¿nsaker i sekker og stampar, dertil litt brensel. Heldigvis fekk eg ein lastebil til Œ k¿yra eit lass med det aller n¿dvendigaste til Indre Arna, der kona og borni skal bu hjŒ prost h.v. M¿llerup og frue (mine verforeldre). Heldigvis hadde eg att sŒpass bensin at eg fekk k¿yrt min privatbil dit. Soleis kom me avstad kl. 15. omlag. Alle rutebilane var stogga opp p.g.av sn¿ og kulde og hardt press. Sn¿en gjorde at ingen bil kunne koma opp pŒ prestegardstunet! Difor mŒtte alt som skulle flyttast berast eller k¿yrast pŒ slede ned til hovudvegen.Det mest verdifulle av innbuet vart k¿yrd til Kolltveit og innsett hjŒ gardbrukar Mons Kobbeltveit. Tyskarane ba om eller gjorde krav pŒ den elektriske komfyren, alle lampar og lysp¾rer og rullegardiner og blendingsgardiner.All ved, (torv og koks) og dertil overtok dei 1 divan, 1 chaisalong, eit skrivebord, eit spisestovebord, 1 salongbord,1 gyngestol, 1 armstol med saueskinn, 3 kj¿kkentaburettar, 1 stor vaskeservant m/marmorplate, 2 nattbord med marmorplator, eit stort linnetskŒp,1 h¿vlebenk, 1 langbord, 1 gamal klerulle,(to sengjer), ei ¿ydelagt, derav ei feltseng av jarn, telefonapparat, eit lineoleumsteppe m/ underlag, to stolar, eit protokollskap.(to etasjerar).Resten av m¿blane og innbuet vart stabla inn i garasjen pŒ prestegarden.- Kyrkjeb¿kene og prestearkivet og mi private boksamling hadde eg tenkt Œ setja inn i prestesakristiet.Var eg kome ned dit med eit hestelass av desse tinga, men dŒ var kyrkja full av tyske soldatar og offiserar.Dei hadde overnatta der.("Same kvelden vart Fjell kyrkje teke til innkvartering av ein flokk soldatar. Dei tok kyrkja utan Œ spyrja om det og utan Œ varsla om det...") Ogso i sakristiet hadde dei romstert slik at det var ikkje Œ tenkja pŒ Œ ha b¿ker liggjande der. Eg k¿yrde dŒ oppatt i prestegarden og lagde kyrkjeb¿kene og arkivet ned i potetkjellaren og lŒste att."Der Oberarzt" lova at ingen skulle r¿ra b¿kene i kjellaren. Likeeins lova han Œ fara vel med mi boksamling om eg let den vera att pŒ kontoret. "Der Oberarzt" var elles ein snild og rimeleg mann. Han tykte det var ille at han laut jaga oss ut, men kunne ikkje anna. Han og sanitetssoldatane hans hjelpte til med flyttinga. Han let ogso ein tysk bil ta med noko av det tyngste innbuet til Kolltveitsvingen. Reisi til Indre Arna gjekk det godt med. Me kom dit kl. 17 1/2. Ingen av oss hadde teke skade. Kona mi og vŒre 5 born skal bu der. Eg skal bu pŒ Kolltveit. Kyrkja er no lagerhus. Kan difor ikkje nyttast til gudstenestelege handlingar.("...Dei budde i kyrkja til brenslet var oppbrent, so flytte dei ut. Men kyrkja vart so teki til varelager. (milit¾rdepot.) Uspurt har dei rive laus kyrkjestolane frŒ galleriet og slengt dei utfor kyrkja.")

4/12 Kom attende frŒ Indre Arna. Arbeidde med Œ koma i orden pŒ mitt nye rom - eit fint og godt rom, der eg kan ha bŒde soverom, kontor og salon.

5/12 Tala pŒ gravi Œt Marta Hansen Lok¿y, jordfesting. Der var ikkje ringjing med kyrkjeklokkene avdi tyskarane nektar tilgjenge til kyrkja og kyrkjetŒrnet. 1 husvitjing pŒ Nessj¿en. Deltok i ungdomsfest pŒ Nessj¿en bedehus. Husvitjing pŒ Kallestad.

6/12 2.s. i advent. Kallestad. Gudstenestleg m¿te pŒ Kallestad skulehus kl. 11. f.m. Deltok i m¿te pŒ Kallestad skulehus om kvelden. Meddelte nattverden til N.N.(3 nattv.gjester.)

7/12 To husvitjingar pŒ Ulveseth. Henta kyrkjeb¿kene til Kolltveit frŒ potetkjellaren pŒ prestegarden.

8/12 Deltok pŒ m¿te pŒ Kolltveit ungdomshus. Var med pŒ Kolltveit ungdomshus.

9/12 Kontorarbeid. Kyrkjebokf¿ring.

10/12 Ekspedering av innkomne brev m.m.To husvitjingar pΠFjell.

11/12 Ein del brensel og anna vart henta frŒ prestegarden.F¿rebuingar av ymse slag.

12/12 Reis til Lok¿y. Velsigning av ekteskap pŒ Lok¿y skule.1 husvitjing.

13/12 3.s. i advent.Lok¿y skule. Gudstenestlegt m¿te kl. 11.- f.m. III.R.Brevet til ministerpresident Quisling frŒ kyrkja og organisasjonane mot j¿deforfylgjingi, vart lese.

14/12 Kontorarbeid av ymse slag.

15/12 Arefjord.Meddelte N.N. nattverden. Tala ved Hans Nilsen Arefjords bŒra. Jordfesting pŒ Fjell kyrkjegard."

"18/12 Vitjing av l¾rar Hestads klasse som no held til i spiseromet pŒ Kolltveitfabrikken. Arbeid med t¿ming av m¿blane frŒ gangen."

"20/12 reist til Indre Arna for Πvitja kona og borni mine og vera ilag med deim julafta."

"25/12 Messefall p.gr. av at Fjell kyrkja er nytta av tyskarane til varelager og milit¾rdepot."

1943:

"9/1 Konferanse med dr. Haasemeyer som styrer milit¾rsjukehuset i prestegarden. M¿tte i fattigstyret."

"12/1Konferanse med lensmannen og Oberarzt Haasemeyer om ymse ting vedk. prestegarden."

"13/1-14/1 reist til Indre Arna for Πvitja huslyden min som bur der no."

"21/1 Husvitjing hjŒ N.N. og N.N. Berga dei 4 nye, skinntrekte stolane ut or kyrkja so ikkje tyskarane skal ¿ydeleggja dei. Henta kyrkjesalmeb¿kene frŒ kyrkja til Kolltveit."

"30/1 Utarbeiding av melding til biskopen; Kyrkjas liv og vokstervilkŒr i krigstida. Fjell Prestegjeld."(SjŒ over om tyskarane sitt inntog pŒ Fjell og evakuering av prestegarden, forf.s anm.)

I eit tillegg til dette skriftet seier Boge:

"Elles er det ei verkeleg landeplŒga med alle desse tyskarane som huserer og herjar i prestegjeldet og kjem med sine krav pŒ ... og blander seg opp i alle mogelege ting og tek seg til rettes med mŒl og makt.

EndΠtristare er det at folk som kallar seg norske let seg bruka til vegvisarar og handtlangarar og hjelpesmenn for dei framande.

Mange er det heldigvis ikkje av slike, men dei er mange nok til Œ leggja alle ting opne for tyskarane som no er komne hit i slik mengd at dei mŒ reknast i tusenvis i Fjell. Stor ugagn og skade har dei alt gjort og vert dei verande her enno ei tid, ser det ut til at dei ¿ydelegg, ja ruinerar den part av bygdi der dei bur tettast. Ljospunkt er...(utydeleg sitat, forf.s anm.)

2.Elles mŒ ein segja at folket i Fjell har greid denne vanskelege tid merkeleg godt. Roleg og verdigt har dei bore tyskarane sine mange overgrep. Tyskarane har ikkje fenge noko nemnande innpass hjŒ kvinnene i Fjell. Nokre fŒ kvinner har nok ogso her gl¿ymt si ¾ra, men dei hadde visst alle saman "glidd ut" tidlegare.

3.Eg kjem i hug ordi i Ps.37 v.8.

"Haldt deg frΠvreide og lat harmen fara, vreidast ikkje! Det er berre til Πgjera ilt!"

Og so held salmisten fram:

"For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar pΠHerren, dei skal erva landet. Og um ei liti stund er den ugudelege ikkje til meir, og legg dei merke til staden hans, so er han der ikkje. Men den spaklyndte skal erva landet og hugnast over mykje fred."(v.9-11)

MŒtte folket vŒrt bŒde i Fjell og i landet elles fŒ oppleva dette-snart! Det gjeve Gud."

"1/2 Reis til Indre Arna. Vitja huslyden min der. Kona og nokre av borna er sjuke."

"8/2 Husvitjing pΠgotnes. Kontorarbeid. Konferanse med lensmannen om rekvisisjonen av Fjell prestegard. Departementet krev opplysningar. Tilsynsmannen var til stades.

9/2 Innkalla til Fjell lensmannskontor kl.20. fekk pŒlegg om Œ halda vakt pŒ telefonlina Fjell-Knarrevik saman med 14 andre menn i Fjell. Vaktteneste skal vara til 7.mars-2 timar om natti- ialt 56 timar. Dette er ei strafferŒdsavgjerd i samsvar med lov av 8.august 1942 om "borgervakt til vern mot stats og partifiendtlige handlinger." Mi vaktteneste er kl. 2-4 om natti pŒ vegen Straumsbru-Storskaret.

10/2 Gav lensmannen ei utgreiding om eigdomstilh¿vet med Fjell kyrkja. Tarangers kirkerett s.180-181, ¤ 20."

"26/2 Husvitjing hjŒ N.N. DŒ eg skulde henta nokre arkivsaker frŒ potetkjellaren i prestehuset fann eg d¿ri opna og hengjelŒset var vekke. D¿ri var brote opp og arkivbordet var gjennomrota og arkivsakene i uorden. Eg mŒtte dŒ fŒ tak i hest og vogn og k¿yra arkiv og protokollen til ein tryggare stad."

"1/3 Henta mitt privatbibliotek frΠprestegarden."

"9/3 Henta eit kjerrelass b¿ker frŒ prestegarden."

"1/4 Tale i heimen og gjorde tenesta ved gravi ved Olufine Foldnes si gravferd. Gjekk med syrjebod om at Ingvald Straume var krigsforlist 28/11-42. Sjukevitjing pŒ Bild¿y."

FrΠdagslista for soknepresten i Fjell 3:
Glimt frΠapril-mai, og sumaren 1943.
Fjell kyrkje frigjort!

"17/4 Velsigning av ekteskap.Sidan kyrkja er i bruk av tyskarane, mŒtte velsigningi haldast i heimen. Melding frŒ lensm. at kyrkja var fri 22/4."

"20/4 Gjekk gjenom Fjell kyrkja og sŒg pŒ skadane. Konferert med ortskommandanten og kyrkjetenar og lensm."

22/4 "Overtok" Fjell kyrkja frΠden tyske vernemakt. Soknepresten, klokkaren, kyrkjetenar og medhjelpar..., lensm. i Fjell og 3 tyske offiserar var til stades."

"2/5 1.s.e. pŒsk. Fjell kyrkje var no tilbakelevert til Fjell kyrkjelyd frŒ Den tyske vernemakt, utr¿ykt og grundig vaska, sŒ ho utan sanit¾re innvendingar kunne takast i bruk. III R. "Fred v¾re med dykk"! 3 barnedŒp. 126 nattverdgjester. Mange fann vegen til nattverdbordet og det var ei gripande stund. Mang ei tŒre vette auga og kinna pŒ dei som knelte pŒ altarringen denne dagen. Tellnes songlag, dirigent Nils Tellnes, song fleire sers vene songar fyre og etter preika. At songlaget m¿tte i nasjonalbunad la ein ekstra festdŒm over den fullsette kyrkja. Veret var sers fint med blŒ himmel og strŒlande sol.

3/5 M¿te i Fjell kyrkjelyds soknevalde rŒd. F¿ring av kyrkjeb¿ker. Ekspedering av brev. Arbeid med melding til Stiftsdireksjonen om overtaking av Fjell kyrkje.

4/5 Reist pΠvitjing til huslyden i Arna.

6/5 Var i Djupedalen og tinga husv¾re Œt huslyden.

14/5 Arbeid med flytting til Djupedalen."

"20/5 Tala i heimen ved Brita Ekerhovds gravferd, jordfesting. Gjorde tenesta ved ein engelsk flyvars grav. Tysk milit¾rhonn¿r-Salutt. Deltok i heimen pŒ Ekrhovda etterpŒ."

"28/5 Reist pŒ sjukehuset Haukeland for Œ vitja kona mi som mŒtte leggjast inn der. Vitja borna i Arna."

"14/7 Sjukevitjing hjΠkona mi pΠHaukeland sjukehus. To patientar frΠFjell vart ogso vitja."

"19/7 Arbeid med flytting av m¿blar og innbu til "den nye prestegarden" hjŒ "Kristians-Laien" i Djupedalen: 2 rom+kj¿ken."

"21/7 Vitja kona mi pΠHaukeland sjukehus. Tinga ein del utstyr til Fjell kyrkja istadenfor det som tyskerane hadde teke."

"28/7 Reist til Indre Arna for Πordna med tilbakeflytting for huslyden min til Fjell.

29/7 Kom til Kolltveit med eit billass av evakuerte husbunadsting og tre av borni mine.

30/7 Arbeid med utpakking og med Œ koma i orden i vŒr nye heim."

FrΠdagslista for soknepresten i Fjell 4:
August-19.september 1943/20.november 1943:
Soknepresten vert arrestert.

"16/8 11. s. e. tr. ei. gotnes. Gudstenesteleg m¿te i gotnes bedehus ved soknepresten som tala over dagsens evangelium og las opp "Kirkens kamp." Johan gotnes opna. Jakob Selvik avslutta. 1 Husvitjing pŒ gotnes. Deltok pŒ ettermiddagsm¿te i gotnes bedehus ilag med Jakob Selvik og fleire."

"23/8 12. s. e. tr. ei. Fjell. Gudstenesta ved soknepresten og kandidat Langeland. Offer til Kinamisjonsforb. 4 DŒp. Kyrkjelydsm¿te. soknepr. ref. Kirkens kamp. rsmelding frŒ soknerŒdet. M¿tet vedtok samr¿ystes at det frivillige soknevalde rŒd skal halda fram med sitt arbeid ogso etter at tilleggsloven om soknerŒd dagsett 30.juli 1942 er sett i verk."

"21/8 Velsigning av ekteskap i Fjell kyrkje kl.14. Konferanse med d.tyske doktor Haasemeyer."

"26/8 Las med konfirmantane i Fjell. Henta resten av mi private boksamling frΠkontoret pΠprestegarden til sakrestiet i kyrkja."...

"...29/8 10.s. e. Tr. ei. Gudstenesta med nattverd ved presten i Fjell. III R."Herre kven skal me ganga til". 1 BarnedŒp. 21 nattv.gjester.Styrem¿te for Fjell fellesforening for D.N.Misjonsselskap.Var med pŒ lagsm¿te pŒ "Ungdomsvern." Kolltveit kr. u.l. hadde fŒtt huset sitt att no.

 

30/8 Kontorarbeid. 3 Sjukevitjingar i Arefjord og Bild¿y.

31/8 Jamf¿ring med kyrkjeboka og kontrollering av namn, f¿dselsdag og dŒpsdag av alle konfirmantane 1943, 81 i alt.

1/9 Utskriving av 81 namnekort til konfirmasjonsdagen.(Her sluttar Boge si f¿ring av dagsregisteret, forf.s anm.)

Boge arrestert av tyskarane. Likeeins ble Mons Kobbeltveit og Elias Fjell arrestert.(SjΠvidare i avsn. "Kvifor vart Boge arrestert," forf.anm.)

5/9 Res. kap. R¿ed deltatt pŒ stevne.

12/9 Fjell. Konfirmasjon ved res. kap. R¿ed.

17/9 Medan sokneprest Boge er i fengsel, har biskop Fleischer tilsett i Fjell prostiprest Agnar Nigar som overtek Fjell i dag.

18/9 Kontorarbeid og ymse f¿rebuingar.

19/9 Nattverdsgudsteneste med skriftemŒl. Pr. Hev du rom for Jesus? 3 DŒp. 142 nattv.gjester.

20/11-43 Boge, Mons og Mikkel sendt ¿stover til Grini!"(F¿rt av prostiprest Agnar Nigar.)

 

FrΠdagslista for soknepresten i Fjell 5:
Desember 1943 og Januar-April 1944.
Nok ein prest arrestert!

 

"17/12-43 Bes¿kt pastor Trengereid. Per Lies kone begravet. Nasibisp Blessing-Dahle forrettet."

"28/12-43 1.s.i advent. Pr.: "Kongen Kommer!" Klokker Hestad og emiss¾r Solsvik deltok.- Em.: Nattverdm¿te for de gamle i Ekerhovd bedehus. Nils-medhj.-avsl. 15 Nattv.gjester."

"18/1-44 Kontorarbeid. Bes¿kt fru Boge."

"27/1-44 Trengereid: Misjonsm¿te hos min vertinne: fru pastor Trengereid."

"6/2-44 S.Septuagesima. Fjell. Pr. Din vilje skje". 1 DŒp. 28 til Nattverd - Kveld: Kolltveit: Talt pŒ ungdomsm¿te.

9/2 Kontorarbeid. Innkalt til Gestapo fredag 11te kl. 10. Reiser i morgen."

5/3 2.s.i faste. Fjell. Pastor(Krinssekret¾r) Utkilen held preik. Emne: "Gjev ikkje opp!" Nattverd, jordpŒkasting. Kolltveit: Talt pŒ ungdomsm¿te.

6/3 Kontoret. Bes¿k pŒ Kolltveit i ungdomslaget."

4/4 Pastor Nils Trengereid overtok tenesta i Fjell."

(F¿rt av Nigar, Utkilen(?) og Trengereid.
Nigar var, som ein skj¿nar, ein djerv predikant. Han kan ha vore arrestert etter angjeveri. Ei av mine kjelder (unemnt) har opplyst at ein nazist som var tilstades i kyrkja h¿yrde ei formulering av det djervare slaget , og straks forlet gudstenesta. Innkallinga til Gestapo kom etter denne hendinga. Nigar kom til Grini. Forf.s anm.)

Norsk fangeleksikon. Grinifangene. (Red. av B¿rre R. Giertsen, J.W.Cappelens forlag Oslo 1946.) s.390, fortel dette:

10968. Nigar, Agnar Johan, prest. Minde pr. Bergen, arr.11-2-44 Bergen, Grini 10-5-44. Fri 4-5-45. Tyskfiendtlig opptreden.

 

Boge i tysk fangenskap i Norge.

 

Norsk fangeleksikon. Grinifangene. (Red. av B¿rre R. Giertsen, J.W.Cappelens forlag Oslo 1946.) s.314, fortel s¾rs kortfatta dette om ei dramatisk hending for ein familie pŒ Kolltveit i september 1943:

"8748.Mons Kobbeltvedt arr. 1-9-43 Grini 21-11-43
8749. Mikkel Kobbeltvedt arr. 11-9-43 Grini 21-11-43
Fri 4-5-45."

Ragnvald Fjell fortalde i 1992:

"Boge kom til Fjell frΠKviteseid i 1937. Eg var den gongen pΠkommunekasserarkontoret, som heldt til pΠloftet over Fjell skule. Boge var innom kontoret i blant.
Me fekk eit godt samarbeid.
Han tok straks opp arbeidet med Œ sette kyrkja i stand, og vart formann i byggenemnda. Tross dŒrlege tider vil eg seia at han m¿tte bra velvilje.

Edith Boge var ei livleg og koseleg dame. Boge sj¿lv var ein avbalansert person. Han gjekk ikkje pŒ akkord, og sa si meining. Han vart fort¿rna dŒ tyskarane rykka inn i kyrkja. Ho vart okkupert frŒ 1.desember 1942-23.april 1943.

(Ragnvald Fjell skreiv om dette, med sitat frΠsokneprest Boge sitt notat i Kallsboka, i heftet "Fjell kyrkje 1874-1974", s.35, som framleis er ΠfΠfrΠprestekontoret i Fjell, 5353 Straume, forf.s anm.)

Prestegarden vart Krankenhaus frŒ desember 1942. Presten mŒtte flytta til Kolltveit. (Dette mŒ sjŒast i samband med at tyskarane dŒ kom til Fjell av milit¾r-strategiske omsyn. Festningskanonane kom til rstadkaien i Bergen, og vart deretter brakt til Tellnes, f¿r dei kom opp Festningsvegen til Fjell festning, forf.s anm.)

Boge vart arrestert saman med Mikkel og Mons. Eg kan tenkja meg at tyskarane ville statuera eit eksempel ved arrestasjonen av presten. Men sj¿lv kunne han ikkje skj¿na kvifor han vart arrestert. Kvifor, sa han fleire gonger."

No gjev me vŒr tidlegare kyrkjetenar Mikkel Kobbeltvedt ordet(1994):

"Etter forvisninga frΠprestegarden budde Boge hjΠoss. Han hadde kontor i farshuset, og hadde mat med oss rett som det var. DΠprata me ofte. Familien budde i eit av nabohusa.

Elias Fjell slapp ut att. Etter Bergen kretsfengsel kom me til Espeland fangeleir. Denne var dΠny, og erstatta Ulven som var lagt ned.

21.november vart me sendt til Grini.

Boge hadde jamnlege andaktar for oss. Det var utruleg kva han fekk gje oss dŒ. Han hadde vokst pŒ fangenskapet.

Me budde pŒ brakka med Res.Kap. Johannes Smidt i Ullern, som seinare vart Biskop i Agder. Vi var —g pŒ gudsteneste og h¿yrde Smidt. Ein s¿ndag hadde Ullern-presten andakt. Rommet var heilt fullt. Plutselig storma det inn 2 kriminelle fangar (nasistar) og ropa: "Dere har ikke lov til dette." Og ganske riktig, det vart oppvask, og opprop. Tyskarane sa: "Vi vil ikke nekte den enkelte Œ tilbe sin Gud. Men slik samling er forbudt her. Smidt vil nŒ fŒ sin straff. De andre fŒr gŒ for god fisk." Men vi mŒtte stŒ oppstilte i timesvis og venta. Ludvig Hope kom forbi oss. "Ver ved godt mot, karar! De stŒr for ein god sak!"

Korkje Boge eller vi visste kvifor han vart arrestert. Og eg var saman med han heilt til han vart sendt til Tyskland.

Boge sa pŒny og pŒny: "Eg skj¿nar det ikkje." Og han trudde han skulle sleppa fri etter 3 mŒnader.

Likevel vart han ein dag ropt opp pŒ appellplassen. Han skulle m¿ta pŒ kontoret. Dei sa til han at han var teken ut for sending s¿rover. Han tok det s¾rs tungt. Men det tok mange veker f¿r han vart sendt.

DŒ Boge vart sendt til Tyskland hadde han influensa med sterk forkj¿ling."

 

Boge sine siste dagar i Norge

Boge har etterlate seg bŒde eit brev og sume dagboksnotat frŒ sine siste dagar i Norge. Dette var skrive pŒ dopapir pŒ Grini, og utsmugla derifrŒ. Familien Boge fortel at Edith Boge var sers redd for at brevet skulle bli oppdaga under husunders¿king. Derfor g¿ymde ho det pŒ ulike mŒtar, i ein divan, inne i eit garnn¿ste, o.l.
1944:
(Illustrasjon 4. Utsnitt av brev frΠBoge 9.februar 1944.)
9/2 "
Grini 9/2 1944.

"Kj¾re, kj¾re Edith!

I dag er eg "oppropt" til Tyskland, skal m¿ta for den tyske l¾kjaren kl.1. Dersom du fŒr dette brevet, er det eit merke pŒ at eg er send til Tyskland. Eg synest det er merkeleg at det kan gŒ slik, eg synest ikkje at eg har gjort noko som gjer meg skyldig til ei slik straff.

- Edith! det er so mykje, mykje eg skulde ha sagt deg-og eg vonar dette brevet mΠkoma fram-...varsam med dette brevet so det ikkje fell i urette hender.-Det er sendt bakvegen.

Fyrst mŒ eg fŒ segja deg inderleg takk for alt! I fengsel har eg ofte og mykje tenkt pŒ deg og minna er mange og kj¾re. No ser eg betre enn nokon gong kor mykje du har vore for meg, eg elskar deg meir enn nokon gong og takkar Gud for alt han har gjeve meg gjennom deg..."

"Takk for alt du skreiv i brevet dagsett 21/1. Kvart ordet du skreiv interesserte meg. so godt at borni vŒre har so snild og dugande mor. MŒ Gud gjeva deg helsa og visdom og nŒde til Œ oppsede dei vel og gjeva deim ei hyggjeleg heim.

-Du kor glad eg er i dei alle saman! Ingerid, Audun, Einar, Dagfin og Ottar! Seg det til dei frΠmeg at eg er so glad i dei, og at eg kvar dag ber for dei, og for deg-de mΠogso be for meg.

Du mŒ segja dei frŒ meg at dei mŒ gjeva hjarta sitt til Jesus og ta han med i alt dŒ gŒr det dei vel-dŒ er dei frelste i liv og d¿d. Edith, du kor godt det er Œ vera frelst. "Hvor deilig Œ have det godt med sinGud og vite det varer en evighet ut!" Eg trur og vonar at me mŒ fŒ m¿tast att...men skulde det henda at me ikkje fŒr m¿tast alle igjen her, so mŒ me m¿tast der heime.-"Lat oss evigt saman vera, me som var det her pŒ jord," song me i andaktstundane.-Det var godt Œ fŒ skriva ...deg og borni,-det vert lettare Œ reisa no. De mŒ ikkje syrja for mykje, for mi skuld, men vera frimodige og leggja alt i Guds hand. Det vil eg gjera. Og so skal det verta ein glederik dag nŒr eg fŒr sjŒ dykk att...No lyt eg nok slutta.
Mange, mange kj¾rlege helsingar!
din Ingolf."

14/2 Hadde idag ei rik nattverdstund i lag med truande br¿r.

16/2 Du mŒ helsa til slekt og vener og kjenningar frŒ meg-i all stilla sj¿lvsagt-at du har fenge dette brevet mŒ du vera sers varsam med Œ nemna. Eg lit pŒ at vener og kjende i Fjell hjelper deg og borni so de slepp lida naud. Din I."

"27/2 S¿ndag 27.febr. reiste han i lag med ca. 30. Han var full av frimod, trygg i Guds hŒnd. Han blir nok ikke lenge borte. Hilsen Mat.28,20 fra en venn og kollega."

 

LEAD Technologies Inc. V1.01

Tysk fangenskap

Kva hende med Boge i Tyskland?

Dagfinn Boge held fram med soga:

"Det vi har fŒtt vite er at far d¿ydde pŒ ein fangetransport, f¿r dei var framkomne til staden dei skulle. Som det ofte var vanleg den gongen, sa dei offisielle tyske dokument at d¿dsŒrsaka var dobbeltsidig lungebetennelse. Slik var det —g i fars d¿me. Vi har fŒtt det forklŒrt slik at transporten gjekk frŒ Neuengamme til Sachsenhausen.

Ei kjelde vi har st¿tta oss til, er ein som dŒ var prest ved Bj¿rnevatn. (Soknepresten i S¿r-Varanger? , forf.s anm.) Han var med far i fangenskapet, men overlevde. Han skreiv til mor etter krigen, og fortalde henne at far vart sjuk. Sidan sjukdomen kunne f¿re med seg at han vart skild frŒ dei andre norske, pr¿vde medfangane Œ skjerma han i det lengste for tyskarane.

SŒ kom transporten til eit kjellarlokale. Her var s¾rs mange i rommet. Toalettb¿tta vart snart full. Dei andre ordna med ei provisorisk seng for far, og gav han av sine klede for Œ verna han. Men det vart oppdaga at far var sjuk. SŒ kom dei og henta han.

Dette var det siste dei sŒg til han.

Heime ante me urŒd dŒ bŒde brev og pakkar kom i retur. Men me skj¿na etterpŒ at mor hadde ant urŒd lenge. Det var den 5.august 1944 at bodet kom om at far var d¿d."

Svenn Martinsen sen. kan ha utfyllande opplysningar. Han vart arrestert av tyskarane 7.mai 1942 og kom via M¿llergata 19 og Grini til KZ-Lager Sachsenhausen i Oranienburg i 1943:

"Tysklandstransportane tok ut frŒ Amerikalinjen sin kai i Oslo, rett ved der Havnelageret ligg i dag. BŒten gjekk til rhus. DerifrŒ var det jarnbanetransport over Fredericia, Kielkanalen, NeumŸnster, til godsdelen av Hauptbahnhof i Hamburg.

I HamburgomrŒdet kom ein gjerne til eit eller fleire av fengsla HŸtten, Altona eller FŸhlsbuttel f¿r ein vart sendt vidare til Sachsenhausen over anten Alt Moabit-fengslet (som eg sj¿lv) eller Alexanderplatz-fengslet i Berlin.

Kjellarlokalet Boge var i kan godt ha vore HŸtten, slik eg sj¿lv hugsar denne plassen. Truleg vart den sjuke presten brakt til Revier(Sjukestua) i KZ-Lager Neuengamme i n¾rleiken. Denne leiren var den einaste med Revier i omrŒdet.

DŒ eg kom nordvestover frŒ Sachsenhausen til Neuengamme med dei kvite bussane Œret etter, spurdest Boge sitt namn i Neuengamme. Han hadde vore der, han d¿ydde der, og vart kremert der, vart det sagt."

Kristian Ottosen nemner at ein mogleg annan stad "kjellarlokalet" kan ha vore, er ei nedlagt fabrikkbygning i sj¿lve KZ-Lager Neuengamme. Det er d¿me, seier han, pŒ at andre nordmenn kom hit ved eit h¿ve, nemleg N.N.fangar som hadde vore i Natzweiler, Dachau, Gotenhafen og Kiel.

 

LEAD Technologies Inc. V1.01

FrΠdagslista for soknepresten i Fjell 6:
VŒr og sumar 1945.
Glede og Sorg.

"10/5 Helgetorsdag. Fjell. Festgudstenesta i h¿ve av fredsslutningi. Fri tekst: Salme 136, 1-3 og Salme 35,18. Kyrkja var vakkert pynta for h¿ve. Tellnes songlag og M¿vik songlag deltok med eit vakkert utval av nasjonale og kristelege songar. Offer til presten i Fjell-gŒve, kr.1800,-Fullsett kyrkje.

10/6 2.s.e. trieining. Fjell. Takkegudstenesta for freden i Europa. Fullsett kyrkja. Altargang og 3 dŒp. 67 nattv.gjester. Off. Tellnes songkor og Kolltveit musikklag deltok. PŒ m¿te i Fjell soknerŒd etter gudstenesta.

8/7 6.s.e. trieining. Fjell. Minnegudstenesta for sokneprest Boge som d¿ydde i Tyskland 1.april 1944. Biskop Fleischer preika, pastor Trengereid intimerte og forretta. Klokkar Hestad slutta. dessutom taler av Mons Kobbeltvedt og l¾rar Foldnes.

Hestad sitt songkor song fleire vakre nummer. Offer pŒ alterettil minnesmerke over Boge og dei andre falne frŒ Fjell. Kyrkja var heilt fullsett. Etter gudstenesta 3 barnedŒp. deretter var biskopen, fru soknepr. Boge med alle borna, fru soknepr. M¿llerup og frk.M¿llerup, Oslo, klokkar Hestad m/frue og l¾rar Foldnes til middag og kaffi i pastor Trengereids barndomsheim pŒ Trengereid."

"16/9 16.s.e. trieining. Fjell. Minnegudstenesta for dei fallne i krigen-med tekstar, salmar og kollekt vald av dei norske biskopar. Namni pŒ dei fallne og burtkomne under krigen-i alt 19-vart lese upp frŒ preikestolen. Offer til dei fallne sine etterlatne kr.628,02. Mykje folk var m¿tt fram og det var ei h¿gtidsam stund i kyrkja.

2 barnedŒp. (Skrive av Trengereid)

 

FrŒ SoknerŒdsprotokollen for Fjell 2:
M¿te 1-9-1945.
Oppsummering.

"Det fyrste ordin¾re soknerŒdsm¿te-etter den store og f¾lslege heimskrigen som enda i mai(8.)1945-varde ca.5 Œr for Europa-vart halde pŒ Fjell laurdag 1/9-45. SoknerŒdslemene og varamenn var innkalla. Pastor Trengereid var varsla om m¿tet. Tidlegare pŒ sumaren var ogsŒ nokre av soknerŒdet samla i sakristiet. DŒ held form. Nils Foldnes ei stutt minnetale over sokneprest I.Boge som d¿ydde i tysk fangeleir.(etter utsagn 1.april 1944) meldinga kom fyrst i (august) juni. Han vart henta av politiet kring 1.sept.1943. DŒ budde han pŒ Kolltveit. D¿dsŒrsak skal ha vori-etter utsagn av frua hans-lungebet..."

 

"...vart og omtala Œ ha minnegudsteneste for Boge. Denne vart haldi 8.juli. Biskop Fleischer var med og fru Boge og pŒr¿rande var innbedne. Det var ei h¿gtidsam og gild minneg.t. Pastor Trengereid held minnetale frŒ kord¿ra, Biskopen held preika for dagen. Under "ordet fritt" var det to av kyrkjelyden som hadde h¿ve Œ minnast Boge frŒ kord¿ra-Mons M.Kobbeltvedt og Nils Foldnes. Alle som bar fram eit munnlegt minneord, takka avd¿de for trugen og god tenesta og vilde minnast han som ein kristeleg varmhjarta bror og ven. Etter soknerŒdsm¿tet sitt ynskje vart det teke opp offer pŒ altaret same dagen-til minnest¿tta over Boge. Det kom inn over 1800 kr."

Kvifor vart Boge arrestert?

Uforklarleg arrestasjon ?

Noko eksakt er ikkje mogleg Πsvara med tilgjengelege kjelder.Men Gefangenenbuch, 1943-1944, Bergen Kretsfengsel, har desse data:

"2.september kl.1400.
"Mons Kobbeltvedt,... Verboten radiobesitz."
"Pastor Ingolf Boge,...Verbereitung illegaler Schriften."
"Elias Fjell,...Verbereitung von Hetzschriften."
"SD IV A, Albers."
10.september kjem Mikkel Kobbeltvedt i protokollen, og arrestasjonsgrunnen er her oppgjeven til "Rundfunkwerfen."
28.september er notert at dei vart overf¿rte til Espeland.

I alle h¿ve er det noksŒ unikt kyrkjehistorisk sett at ein norsk prest vart sendt til Tyskland. Boge skj¿na det heller ikkje sj¿lv. Familien har i alle Œr rekna med at han vart teke som gissel. VilkŒrlege arrestasjonar var ikkje fŒ. Men vi kan heller ikkje utelukke at ein angjevar var pŒ ferde. Har urette hender fŒtt tak i, og gale augo lese rapporten til Bj¿rgvin Biskop av 28./30.januar 1943 er det ikkje vanskeleg Œ tenkja seg at Boge pŒ sume hald kunne opplevast trugande. I den samanhengen kan vi vel frŒ ein side sjŒ gestapisten Albers sitt notat i fengselsprotokollen: "Verbereitung illegaler Schriften."

Men iflg. Kristian Ottosen kunne slike arrestasjonsgrunnar vere heller omtrentlege.

I alle h¿ve mŒtte vel innbrotet i prestearkivet (sjŒ dagsregisteret 26.februar 1943) vera eit urovekkjande teikn for presten.

Edith Boge var sikker pŒ at NS-lensmannen Per Lie ikkje kunne vera opphavet til arrestasjonen. Faktum er at Per Lie og sokneprest Boge hadde eit korrekt tilh¿ve, og at Per Lie snarare forseinka prestegardsevakueringa enn tilskunda ho. "Han kvidde seg sv¾rt for Œ gje presten melding om at han skulle kastast ut."

 Epilog: "S¾le er dei d¿de som d¿yr i Herren!"(Op. 14,13)

Herrens Fred over minnet!

Artikkelen byggjer pŒ studier over ein periode pŒ 3 Œr. All rettskrivning og uttrykksmŒte i kjeldene er halde pŒ. Eg har ikkje gŒtt inn for Œ gje att det i kjeldene som gŒr pŒ kyrkjelivet i Fjell under krigen. Dagsregisteret er mykje meir omfattande enn det som kjem til uttrykk her.

Kjelder og litteratur

Kjelder:

Ingolf Boge: Kyrkjas liv og vokstervilkŒr i krigstida i Fjell. (Etterlatt manuskript av 28.jamuar 1943, med tillegg.)
Dagfinn Boge, Slektsbok: "M¿lleropslekten i Norge",
"Studentane frŒ Voss off.Landsgymnas i 1920," av kst.sorenskrivar Bjarne Fj¾rtoft. (1945)
"Fjell prestegjeld, Kyrkja og folkelivet," av Nils Trengereid.(1937)
Intervju Ragnvald Fjell,
Heftet "Fjell kyrkje 1874-1974,"
Intervju Mikkel Kobbeltvedt,
Dagsregisteret for soknepresten i Fjell.
Kallsboka for soknepresten i Fjell. Protokollen for Fjell SoknerŒd. (Avskrift av kyrkjeb¿kene: Astrid Knappskog, Svenn Martinsen.)
Dagfinn Hauge,
Kristian Ottosen,
Unemnt.
Norsk fangeleksikon. Grinifangene. Red. av B¿rre R. Giertsen, J.W.Cappelens forlag Oslo 1946.
VŒre falne.
Gefangenenbuch, 1943-1944, Bergen Kretsfengsel.(Statsarkivet i Bergen.)

Litteratur:
Torleiv Austad: Kirkens Grunn. Oslo 1975.
Chr. Bergfl¿dt: Fjell festning, et 50-Œrsminne, Fjell Kommune, 1995.
H.C.Christie: Den Norske Kirke i kamp. Land og Kirke, Oslo 1945.
Dagen(Lars Toralf Storstrand) 6.mai 1995: Gud bar oss gjennom den vonde tida, intervju med Mikkel Kobbeltvedt.
Jan Egil Fj¿rtoft: Tyske krigsfort i Norge, Agder forlag, 1982.
Kristian Hansson: Stat og kirke, John Griegs forlag, Bergen 1945.
Olav Kobbeltveit, Krigen i Fjell, Fjell Kommune, 1995.
Ludwig SchŸbeler: Kirkekampen slik jeg sŒ den. Lutherstiftelsen, Oslo 1945.
Konsulent: Svenn Martinsen, sen. 

 

 

Sist oppdatert: 2/2/2005 av forfattaren.
Siden er laga av Alfred Langeland, sp¿rsmŒl/kommentar til: alfred1@world-online.no