Credo!(Eg trur!)

Apostolicum. Den Apostoliske Truvedkjenninga:


P: Lat oss vedkjennast vår heilage tru!
FØRSTE ARTIKKELEN

Om Skaparen og det han har skapt
A: Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.
Kva tyder det?

Eg trur at Gud har skapt meg og alle andre skapninger.
Han har gjeve meg kropp og sjel, vit og alle sansar, og held alt dette ved lag.
Han gjev meg klede og skor, mat og drikk, hus og heim, ektemake og born, åker og fe, og alt det eg treng frå dag til dag.
Han vernar meg mot all fare og vaktar meg mot alt vondt.
Alt dette gjer han berre av faderleg godhug og guddommeleg miskunn utan at eg har fortent det eller er verdig til det.
For alt dette skuldar eg å takka og lova han, tena og lyda han.

ANDRE ARTIKKELEN

Om Frelsaren og hans frelsesverk
Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest,
døydde og vart gravlagd,
for ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
for opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.
Kva tyder det?

Eg trur at Jesus Kristus er min Herre,
sann Gud, fødd av Faderen frå æva, og sant menneske,
fødd av Maria møy.
Han har atterløyst meg, fortapte og fordømde menneske, kjøpt meg fri og frelst meg frå alle synder,
frå døden og djevelens makt, ikkje med gull eller sølv, men med sitt heilage og dyre blod og si skuldlause liding og sin død.
Dette har han gjort så eg skal vera hans eigen, leva under han i hans rike og tena han i evig rettferd, skuldløyse og sæle,
likesom han er oppstanden frå dei døde, lever og råder i all æve.

TREDJE ARTIKKELEN

Om Den Heilage Ande og korleis han helgar oss
Eg trur på Den Heilage Ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen og evig liv. Amen. Kva tyder det?

Eg trur at eg ikkje av eige vit eller eiga kraft kan tru
på Jesus Kristus, min Herre, eller koma til han.
Men Den Heilage Ande har kalla meg ved evangeliet,
opplyst meg med sine gaver, helga meg og halda meg fast i den sanne trua.
På same måten kallar og samlar, opplyser og helgar han
heile den kristne kyrkja på jorda
og held henne oppe hjå Jesus Kristus i den eine, sanne trua.
I denne kristne kyrkja gjev han meg og alle truande
dagleg forlating for alle synder.
På den siste dagen skal han vekkja opp meg og alle døde
og gje meg og alle som trur på Kristus, eit evig liv.


Sokneprest Emeritus Svenn Martinsen, Boks 100, N5331 RONG ©2005-2013.

Fint om du gjev respons!

Bruk attendepilen for retur til forrige sida.

Attende til startsida

JavaScript Scrolling Text